NRK Meny
Normal

26 åringen som er sikta i mishandlingssak blir i fengsel

Etter eit nytt fengslingsmøte i Stavanger Tingrett blei det avgjort at fengslinga av 26 åringen står ved lag. Han er ein av fem sikta i saka der ein person døydde etter grov mishandling i Stavanger.

Dødsfall på Kampen

Det var i dette huset Jonny Andre Risvik blei funnen død etter langvarig mishandling på Kampen i Stavanger.

Foto: NRK

Atle Heljesen

Forsvarar Atle Helljesen anka den første fengslinga på grunn av at han ikkje fekk innsyn i dokumenta.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Forsvararen til den sikta fekk ikkje innsyn i saksdokumenta, derfor blei fengslinga oppheva av lagmannsretten i denne svært alvorlege saka.

Nå har forsvararen, som er Atle Helljesen, fått det innsynet han skal ha, ved å signera på teieplikt.

Han uttala til nrk.no at han meinte at saksgangen var rotete.

Nytt fengslingsmøte

I det nye fengslingsmøte blei det avgjort at fengslinga står ved lag.

– Dermed vil 26 åringen og dei andre vera fengsla fire veker fram i tid frå førre måndag, seier politiadvokat Karsten Monsen til nrk.no.

Mishandla over fleire dagar

Det var fredag 13. august at Jonny Andrè Risvik (28) blei funnen død i ein bustad på Kampen i Stavanger. Han hadde blitt mishandla dagar i forkant.