Fengsla for drap i Haugesund

Mannen som har vedgått å ha drepe sambuaren sin i Haugesund første nyttårsdag, er varetektsfengsla for åtte nye veker. Mannen godtok fengslinga. Den drapssikta 50-åringen har også vedgått at han sette fyr på huset.