Hopp til innhold

Fem kvinner om kvinnedagen

Dei meiner alle at kvinnedagen er viktig, men har ulike syn på kvifor. Høyr intervjua med FpU-formannen, Ottar-veteranen, minoritetsrådgjevaren, stortingspolitikaren og forbundsleiaren.

Fem kvinner om kvinnedagen

STERKE MEININGAR: NRK har snakka med: (f.v.) Charlotte Søyland (FpU), Asta Beate Håland (Ottar), Sahfana Mubarak Ali (Ap), Tina Bru (H) og Nina Horpestad (Norges sykepleierforbund).

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Sjølv om me er rekna som eit av verdas mest likestilte land så er det eit godt stykke fram før likestillinga er der me skal vera.

Nina Horpestad, fylkesleiar i Norges sykepleierforbund
Fylkesleiar i Norges sykepleierforbund, Nina Horpestad, fortel om kva kvinnedagen betyr for ho.

Nina Horpestad er Fylkesleiar i Norges sykepleierforbund.

Me er også kvinner, og sjølv om me er på høgresida må me få lov til å sei det me meiner. Dette er kvinnedagen for alle kvinner.

Charlotte Søyland, formann i Framstegspartiets Ungdom Rogaland
Formann i Fremskrittspartiets ungdom i Rogaland, Charlotte Søyland, fortel om sine tankar rundt kvinnedagen.

Charlotte Søyland er formann i Framstegspartiets ungdom i Rogaland.

For meg er det viktigt med lik løn for kvinner og fleire kvinner inn i toppstillingar.

Sahfana Mubarak Ali, minoritetsrådgjevar i IMDI og politikar i Arbeidarpartiet
Minoritetsrådgjevar og politikar i Arbeidarpartiet, Sahfana Mubarak Ali, om kvinnedagen

Sahfana Mubarak Ali er minoritetsrådgjevar i IMDI og bystyrepolitikar i Arbeidarpartiet i Stavanger.

Eg kjenner meg ikkje spesielt heime i 8. mars-toget på grunn av dei politiske bodskapa som pregar parolane. Eg er til dømes motstandar av sexkjøpslova, fordi eg meiner den gjer kvardagen til dei prostituerte vanskeleg.

Tina Bru, stortingspolitikar frå Høgre
Her er stortingspolitikar Tina Bru (H) sine tankar rundt kvinnedagen og likestilling.

Tina Bru er stortingspolitikar på rogalandsbenken for Høgre.

Eg har gått i alle 8. mars-tog heilt sidan starten på 70-tallet. Kallar du meg raudstrømpe så tek eg det som eit kompliment.

Asta Beate Håland, tidlegare leiar for kvinnegruppa Ottar i Rogaland
OTTAR-veteran Asta Beate Håland om kvinnedagen.

Asta Beate Håland er tidlegare leiar for kvinnegruppa Ottar i Rogaland.