Fem smitta – meir enn 80 testa for korona

Etter eit nytt koronasmittetilfelle i Haugesund i helga er fem personar smitta på Haugalandet. Kommunane ventar fleire prøvesvar tysdag og onsdag.

Jostein Helgeland

Kommuneoverlegen i Haugesund, Jostein Helgeland.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Me har ikkje full oversikt, og me kan ikkje sei at me har kontroll heller, seier kommuneoverlege i Haugesund, Jostein Helgeland, til NRK.

Det er no fem unge personar i Haugesund og Karmøy som har testa positivt på koronasmitte. To smitta er frå Karmøy og tre frå Haugesund.

Dei tre siste blei bekrefta seint måndag kveld. Dei fem er unge vaksne i alderen 18 til 30 år.

Sundag blei det første tilfellet stadfesta. Helgeland opplyste da at minst ti personar har hatt nærkontakt med vedkommande, og ville bli følgt opp. Tilfelle nummer to kom tidlegare måndag kveld, og dei tre siste seint måndag.

Over 80 testa

Dei nye smitta er ikkje nærkontaktane til den første smitta, men kommuneoverlegen trur dei har felles kontaktpunkt.

– Dei har nokre forbindelsar. Det er ganske klart. Men i og med at dei ikkje er rekna som nærkontaktar, så betyr det at smitta har spreidd seg til meir enn et ledd, seier Helgeland.

Det er no tatt 50 nye prøvar som kommunane ventar svar på. Dette er i tillegg til de over 30 prøvane som blei tatt i helga. Haugesund kommune sender prøvane til Haukeland i Bergen, mens Karmøy sender til Oslo.

Svara vil komme i løpet av tysdag kveld og onsdag morgon.

– Dei som me har fått svar på har svake symptom, seier kommuneoverlegen.

Kommuneoverlege i Karmøy kommune, Katrine Marie Haga Nesse, seier kommunane Haugesund, Karmøy og Tysvær jobbar saman for å spore opp smittekjelder.

– Kommuneoverlegane har jamleg kontakt, seier ho.

– Me kan sei at me har litt meir kontroll no enn i helga. Det er ikkje så mange som eg frykta som har positive prøvar til no. Ein relativ stor del av omgangskretsen til dei smitta er sette i karantene, seier Helgeland.

Ber serveringsstader skjerpa rutinane

Førebels ønskjer ikkje kommuneoverlegen i Haugesund å gå ut med kva som er kommunens teori om smittekjelde. Men han nyttar anledninga til å minna serveringsstadene om å skjerpa rutinane.

– Me har sett at det har sklidd litt ut i det siste, seier Jostein Helgeland.

Han seier at serveringsstader som ikkje følgjer reglane kan bli stengde.

– Slik smitte går raskt. Me har ikkje tid til åtvaringar.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 10.08.2020
326
Siste uke
14
Innlagt
256
Døde