Hopp til innhold

Fleire sauegolv har svikta

På måndag hamna om lag 100 sauer i ein gjødselkum då golvet dei stod på kollapsa. Fem golv av same type har svikta dei siste åra, skriv Nationen.

Golvkollaps i sauehus i Sandnes

SAUER HAMNA GJØDSELKUM: Måndag denne veka kollapsa golvet i dette sauehus i Sandnes. Om lag hundre sauar hamna i gjødselskummen. Tre av dei døydde.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det kunne gått mykje verre då om lag hundre sauer på måndag falt ned i ein gjødselkum i Sandnes etter golvet dei stod på kollapsa. Med hjelp av gode naboar og brannvesenet blei alle sauane utanom tre berga opp av møkka med livet i behald.

Korleis golvet kunne kollapsa i eit sauehus som ikkje er meir enn to år gamalt, var likevel vanskeleg å forstå.

– Kan vera svakheiter i golvsystemet

Det er firmaet Reime Agri frå Nærbø som leverer golvtypen «Tulla systemgulv», som kollapsa på måndag.

I eit intervju med Nationen fortel dagleg leiar i bedrifta, Erik Joa, at det ikkje er første gong dei har hatt problem med golvet, som først blei teke i bruk i 2011.

– Det er fem golv som har svikta. Det kan vera svakheiter i deler av golvsystemet, seier han til avisa.

Tre sauer skal ha døydd etter eit av dei andre golvkollapsa.

Joa seier vidare at dei Reime Agri nå jobbar med å koma til botn i kvifor det skjedde, og korleis dei kan levera tryggare golv.