Hopp til innhold

Fem barn til legevakt etter trafikkulukke

Tre bilar var involvert i ei trafikkulukke på E39 ved Sunnfør i Tysvær kommune. Ingen personar skal ha kome alvorleg til skade.

Ulukke ved Sunnføer

Vegen var stengt i lang tid etter ulukka, men er no åpna igjen.

Foto: Kjell Bua

Politiet fekk melding om ulukka klokka 11.30.

– Alle naudetatane er på veg med store styrkar, sa operasjonsleiar i Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt, Tore Frøyland-Jensen, etter at dei hadde fått meldinga.

Ifølgje dei første meldingane dei fekk inn sat både barn og vaksne fastklemde i bilane, men kort tid etter kom ein kontrabeskjed.

– Ingen skal vera fastklemde, heller ingen alvorleg skadde, seier Tore Frøyland-Jensen.

Til saman er det fem barn som er frakta til legevakt, og ei kvinne til sjukehus, med lettare skadar.

Vegen var stengt i fleire timar, medan ulukkesgruppa frå Statens vegvesen og politiet jobba på staden.

Klokka 14.15 melder politiet at vegen igjen er åpen for fri ferdsel.