Hopp til innhold

Fem år gammal jente har mista livet

Jenta på fem år, som blei funnen livlaus i sjøen utanfor Dusavik i Stavanger i går kveld, har mista livet. Det melder politiet i Sør-Vest. Jenta blei meldt sakna om lag klokka halv seks, og blei funnen eit par timar seinare. Ho blei gitt livreddande førstehjelp og sendt til sjukehus, men livet kunne ikkje reddast. Politiet har ikkje grunn til å tru at noko kriminelt har skjedd. – Dette er ei tragisk hending, seier etterforskingsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Øyvind Tveit.