Hopp til innhold

Felles opposisjon og frieri i Stavanger

Budsjettdebatten i Stavanger bar preg av at opposisjonen på venstresida har funne saman dette året. Det førte også til at det oppstod nye namn i Stavanger-politikken i dag. Nå handlar det om "høgre-alliansen" mot "SV-alliansen".

Bystyre

Her sit "Høgre-alliansen" under måndagens bystyremøte i Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Det byrja med at opposisjonen starta budsjettdebatten med å kalla fleirtalspartia for "høgre-alliansen". Rett nok blei frå Eirik Faret Sakariassen (SV), understreka at "høgre" var med liten "h", men det hjelpte ikkje mykje.

For i første motinnlegg blei opposisjonen kalla for "SV-alliansen", og her var det ikkje snakk om liten verken "S" eller "V".

Leif Arne Moi Nilsen (Frp) tok det seinare eit steg vidare då han også kalla opposisjonen for "De radikales samling".

Dan Mossige

– Korleis kunne sentrumspartia fortsetja med å støtta Høgre og Frp i ein slik situasjon?, spurde Dag Mossige (Ap) frå talarstolen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Over på frieri

Etter å ha byrja debatten med namnekalling, fortset opposisjonen med å fri uhemma til KrF, Senterpartiet og Venstre. Dag Mossige (Ap) tok opp fleire saker innan skulesektoren, der han meinte at opposisjonen hadde den beste politikken.

– Korleis kunne sentrumspartia fortsetja med å støtta Høgre og Frp i ein slik situasjon?, spurde Mossige frå talarstolen.

Det var svært tydleg at fleirtalspartia, og spesielt Venstre, irriterte seg over dei mange ekteskapstilbod som kom frå opposisjonen.

Ikkje noko ekteskap i denne omgang

Inge Takle Mæstad

– Ap har berre oppnådd å gjera seg lite lekre ved å sjå så lett på avtalar andre har inngått, sa Inge Takle Mestad (KrF).

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Heller ikkje Inge Takle Mestad (KrF) viste stor glede ved tilnærminga frå opposisjonen si side. Han meinte at det var uaktuelt å skifte side, sidan KrF har gått inn på ein avtale om å vera med i fleirtalsalliansen, saman med Høgre, Frp, Sp, Venstre og Pensjonistpartiet, i denne perioden.

– Ap har berre oppnådd å gjera seg lite lekre ved å sjå så lett på avtalar andre har inngått, sa Takle Mestad.

Gruppeleiar for Venstre Per A Thorbjørnsen, meinte at Ap sitt frieri sto til stryk ved å kalle fleirtalet for "høgrealliansen". Han avslutta med å be opposisjonen gå på sjarmørkurs, før dei kom tilbake med fleire tilbod om ekteskap.