Hopp til innhold

Fekk sonen igjen

Lars Nessa frå Hjelmeland var saman med Rolf Bae, då han forsvann i israset på veg ned frå toppen. Nå opplever faren at han har fått sonen sin tilbake igjen.

K2

K2, verdas nest høgaste fjell

Foto: NRK Grafikk

Det er kommunelege i Hjelmeland, John Nessa, som er far til 29 år gamle Lars Nessa.

- Eg gjekk fleire rundar med meg sjølv før Lars starta klatringa til K2, seier John Nessa.

Han var klar over farane på verdas nest høgaste fjell og visste at han kunne koma til å mista sonen sin på denne ekspedisjonen.

- Samstundes visste eg at både Lars og dei andre i fjellklatrarlaget, med Cecilie Skog og Rolf Bae i spissen, var svært opptatt av sikkerhet, seier John Nessa.

Han var derfor ikkje svært uroleg for sonen sin.

- Og det som skjedde denne gongen, var såvidt eg kan forstå, eit uhell som ingen kan gardera seg imot, seier han.

Har snakka med sonen

- Lars er i fysisk grei form etter klatreturen. Det fortel faren etter å ha vore i kontakt med sonen i etterkant av nedstigninga.

- Men det han har opplevd, gjer at eg trur at han kjem til å bli endå meir forsiktig på liknande risikoturar i framtida, seier John Nessa.

Han og kona var på veg til ferie i Italia sist helg, då ulukka skjedde. Den informasjonen dei fekk var på internett frå ungane sine i Norge.

- Det me fekk vita i starten var presentert slik at me ikkje blei altfor urolege. Ungane ville nok spara oss for den største usikkerheten, seier Nessa.

Livet er sårbart

- Då me fekk greie på at Rolf Bae, ein av venene til sonen vår, hadde omkome, så vart me sterkt minna om kor sårbart livet er, seier John Nessa.

Han er svært takksam for å ha fått Lars tilbake i god behald og er også glad for alle dei helsingane han og kona har fått frå venner og ukjente i ettertid.

-Me har fått sonen vår tilbake og er glad for det. Nå går alle våre tankar til Cecilie og til foreldra til Rolf Bae, seier John Nessa.