Hopp til innhold

Fekk kjellaren full i vatn

Mora til Elin Auestad fekk kjellaren full i vatn på Hundvåg etter brotet på hovudvassleidninga tidlegare i dag.

Elin Auestad i oversvømt kjellar

PÅ MED STØVLAR: Elin Auestad måtte byta ut joggesko med gummistøvlar då ho skulle ned i kjellaren til mora på Hundvåg i ettermiddag.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Elin Auestad kom rett frå jobb då bror hennar ringde og sa at det var ein vasslekkasje i huset til mora like ved Hundvågkrossen.

Vasslekkasje på Hundvåg - pumping av kjellar

RETT NED I KJELLAREN: Her rann vatnet ned i kjellaren.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Først tenkte eg at det var ho som hadde gjort noko, seier Auestad.

Men mora var heilt uskuldig, for Hundvågkrossen vart tysdag ettermiddag omgjort til ei elv . På det meste var det om lag ein halvmeter vatn i vegen, etter at ein det gjekk hol på hovudvassleidninga mellom Buøy og Hundvåg. Mange mista springvatnet, trafikken stod og nokon fekk vatn i kjellaren. Blant dei var altså mora til Elin Auestad.

Bli med reporter Ingvald Nordmark ned i den våte kjellaren, i det brannvesenet kjem på døra. Besøket kunne truleg fått ein betre start.

– Det er ekstra ille for ei som nett har fylt 80 år, ikkje har heilt godt hjarta og ein nyoperert mann som ligg på sjukehus etter ein hjarteoperasjon, seier svigerson Frode Haavardsholm.

– Nokre er berre uheldige, sånn er det, avsluttar han.