Hopp til innhold

Flyttar tre på grunn av sjeldan mose

SR-Bank skal ha nytt bygg i Stavanger, men fekk ikkje lov å hogga ned to av trea på tomta. I dag blei dei heist opp av jorda med svære kranar.

SR-Bank skal ha nytt bygg i Stavanger, men fekk ikkje lov å hogga ned to av trea på tomta. I dag blei dei heist opp av jorda med svære kranar.

PÅ BANKEN SI REKNING: Svære maskinar og spesialkompetanse frå Spania måtte til då to tre i dag blei flytta frå Bjergsted i Stavanger. Prislappen for flyttinga blir om lag to millionar kroner.

Flytting av tre i Stavanger

Store maskinar måtte hjelpa til for å få dei svære trea opp av jorda.

Foto: Skjalg Omdal

Svære maskinar har i dag vore i sving i bydelen Bjergsted i Stavanger der Sparebank 1 SR-Bank sine nye lokale i byen skal koma.

To tre har blitt heist opp saman med eit jordsmonn på om lag fem gonger fem meter. Totalt er det snakk om ei vekt på meir enn 70 tonn per tre.

– Så vidt eg kjenner til er det første gong me gjer dette i Norge, seier leiar for treflytte-prosjektet i Stavanger kommune, Nils Fredrik Gjerpe. I eit halvt år har dei planlagt flyttinga.

Trea er nå plasserte på kvar sin lastebil, som i natt skal frakta dei til Rudlå-parken der dei skal setjast i jord og leva lukkelege vidare.

Krav frå Fylkesmannen

Det spøkte for det nye bankbygget då Fylkesmannen i Rogaland skulle sei sitt om saka. Dei var urolege for kva som skulle skje med to almetre. Ikkje på grunn av trea i seg sjølv, men på grunn av mosen som veks på dei.

Hårstjernemose er sterk truga, og det var derfor nødvendig å ta grep.

– Nå tek me både vare på trea og på banken sitt ønske om nybygg, seier Gjerpe som har fått fleire gode tilbakemeldingar på innsatsen dei har lagt ned for å berga trea.

Ekspertise frå Spania

– Kan de garantera at trea og mosen vil leva vidare?

– Hundre prosent sikre kan me ikkje vera, men me har henta inn dyktige arboristar frå Spania som har vore med på liknande operasjonar, derfor har me god tru på at det blir vellukka, seier han.

Operasjonen med treflyttinga i dag har ein prislapp på to millionar kroner som banken må ta. Det var spanske ekspartar med på jobben, for å sikra at trea ikkje skulle ta skade.

Etter dette kan jobben med nytt bankbygg halda fram.

Mosetre

FLYTTAR OM NATTA: Trea skal fraktast til Rudlå-parken like ved i natt. Grunnen til det skal skje om natta er for å unngå at flyttinga skjer medan det er stor trafikk i området.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK