NRK Meny
Normal

Fekk huset øydelagt i stormen

Den massive brannmuren til naboen raste saman i stormen og øydela huset til Morten Hedegaard-Larsen på Bakarøy i Haugesund.

Den massive brannmuren til naboen øydela huset til Morten Hedegaard-Larsen på Bakarøy i Haugesund.

VIDEO: Sjå reportasje om skadane huset til Morten Hedegaard-Larsen har fått.

Naboen sin brannmur er fleire meter høg og fleire tonn tung. Då den losna under ekstremvêret «Nina» sine herjingar laurdag ettermiddag knuste den både taket, den eine veggen og mykje av det innvendige i huset til familien Hedegaard-Larsen på Bakarøy.

– Eg er glad for at ingen personar blei skadde. Det er det viktigaste oppe i dette, seier Morten Hedegaard-Larsen.

Han var ikkje sjølv i huset då brannmuren losna, men det var sonen og kona.

– For dei var det som om det gjekk av ei bombe, rett og slett. Heile huset rista.

Familien er klar over at det heile fort kunne gått mykje verre.

– Trykket var så stort at når det trefte bakken blei vassleidningen som ligg ein meter ned i bakken slått flat, forklarer Morten.

Huset flytta seg

Morten Hedegaard-Larsen

Morten Hedegaard-Larsen fekk huset sitt øydelagt under stormen i helga.

Foto: Arne Gunnar Olsen

Familien blei evakuerte av politiet etter den dramatiske hendinga, og dei kan ikkje bu i huset i lang tid framover. Huset har blitt skeivt og har flytta på seg fleire centimeter. I verste fall er det totalskadd og må rivast.

– Det går nok eit par veker før konklusjonen er klar om kor store skadane er og om det er snakk om totalhavari, seier takstmann i Takstteam AS, Leiv Åge Ånensen.

Han har nå sett i gang tiltak for å få fjerna det som er laust på taket. Det ligg ei blokk av brannmuren på taken som må fjernast, i tillegg til at taket skal reinskast for skifer.

– Det som ligg i gata får me ta etter kvart. Huset skal også sperrast av slik at ingen har tilgang før yttertaket er sikra, seier Ånensen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Brannmur Bakarøy

Her er brannmuren som raste saman under «Nina» sine herjingar i Haugesund laurdag.

Foto: Gisle Jørgensen

Uroa for annan brannmur

Hus flytta seg

Her ser du korleis huset har flytta seg i stormen.

Foto: Gisle Jørgensen

Familien Hedegaard-Larsen har inntil vidare fått låna ein leilegheit dei kan bu i. Dei er takknemlege for all hjelpa dei har fått. Slik det ser ut nå håpar Morten at huset blir rive og bygd opp igjen.

– Dersom nokon skal begynna å lappa på huset, veit eg ikkje om dei vil få med seg alt. Det blir i alle fall kolossalt omfattande å pussa det opp.

Bekymringa til Morten nå er den andre brannmuren som ligg like ved huset hans.

– Me er litt smånervøse for at også den skal ramla ned. Den er i same dårleg stand som muren som raste, så eg håpar eigarane tar ansvar og sikrar den.