Hopp til innhold

Kan ha fiska livsfarlig hai like utanfor Skudeneshavn på Karmøy

– Eg har aldri opplevd liknande, seier den overraska fiskaren på Skudenenshavn som drog opp ein 150 kilo tung hai i garnet sitt. Haien kan vera livsfarlig.

Video Makrellhai i Skudeneshavn

Det som kan vera den livsfarlige makrellhaien blei raskt ein turistattraksjon på Skudeneshavn.

Hai på Skudeneshavn

Turistverten på Skudeneshavn, Dag Sandslett, har slått opp i fiskeboka si, og trur at det er den livsfarlige makrellhaien som har funne vegen til Karmøy.

Foto: Dag Sandslett

Haien som ble dregen opp på Skudeneshavn, på Karmøy, laurdag ettermiddag, vart raskt ein turistatraksjon. Etter kort tid hadde fleire hundre skodelystne vore nede og sett på haien.

Mellom dei meir erfarne fiskarane gjekk diskusjonen i om dette er ein hai av den livsfarlige typen makrellhai.

– Eg veit ikkje kva type hai dette er, seier fiskaren Eilert Eilertsen, men diskusjonane går i om det er makrellhai eller håbrann.

Livsfarlig hai like utanfor Skudeneshavn

– Makrellhaien har gått til angrep på menneskjer seier Dag Sandslett, som er turistvert i Skudeneshavn.

Han trur at dette er ein makrellhai, men vil ikkje at folk skal engsta seg unødig. Han har óg vore i kontakt med ein fiskar som trur at det er ein håbrann.

Les meir om artane på wikipedia og finn ut kva type hai du trur dette er:

I følgje wikipedia er makrellhaien ein lite venleg hai, som ofte et opp syskena sine mens dei ennå er inne i mora si livmor.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Skulle ha breiflabb

Grunnen til at Eilertsen hadde sett garn var for å fiska breiflabb, han blei derfor svært overraska då det viste seg å vera ein tung død hai i garnet.

– Haien var allereie død då me trakk garnet, likevel måtte me vera to mann for å klara å dra han i land, seier Eilertsen.

Han hadde håpa at haien skal vera til meir nytte enn å vera ein turistattraksjon. Men førebels har han ikkje hatt lukka med seg i å selja haien. Men viss dette er ein makrellhai skal kjøtet vera svært velsmakande.

Fekk hai i garnet

Fiskar Eilert Eilertsen veit ikkje sjølv kva slags hai det var som sette seg fast i garnet hans laurdag ettermiddag.

Foto: Dag Sandslett

Ryktet spreia seg raskt

Dag Sandslett jobbar som turistvert i Skudeneshavn på Karmøy, og kan fortelja at ryktet om haien spreidde seg raskt.

– På kort tid var hamna full av folk som ville sjå haien og barn blei fotograferte mens dei sat på han, det er ikkje kvar dag noko slikt skjer, seier han.

Sjølv tok han bilete av denne haien som han aldri har sett maken til, trass i at han har vakse opp i fiskarfamilie og sett faren kome heim med både makrellstørje og nise .

– Viss den livsfarlege haien held til utanfor Karmøy vil nok turismen gå opp, noko eg som turistvert sett pris på, men det vil jo også vera litt skummelt med tanke på at denne haien kan angripa menneskjer, seier Sandslett til NRK.no.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.