Hopp til innhold

Fekk feil påkøyrd katt i retur

Han ville berre vita kva som hadde skjedd med katten sin, Jone Monsen frå Stavanger, som sette opp eit skilt i vegkanten. Nå ber han folk om å bli flinkare til å levera inn påkøyrde kattar til veterinær.

Påkøyrd katt

SKANNA DEN DAUDE KATTEN: «Påkjørt katt. Hvem fjernet den og hvor ble den av.» står det på skiltet der det fredag blei plassert ein annan katt. Med hjelp av ein chip-skannar klarte Jone Monsen å finna ut kven det var som eigde den daude katten nokon hadde plassert ved skiltet hans. Han har nå informert eigaren.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Eg går rundt og leiter etter katten min i uvissa om kva som har skjedd, seier Jone Monsen frå Sunde i Stavanger.

Katten hans, som har elektronisk chip, forsvann for ein månad sidan. For om lag to veker sidan fekk Monsen eit tips om at nokon hadde køyrd på ein katt på hovudvegen like ved der han bur.

Han fann ingen katt i grøfta, og blei heller ikkje kontakta av veterinær eller andre som hadde skanna chipen til katten. Derfor sette han for to veker sidan opp eit skilt langs vegen, der han etterlyste informasjon om kva som hadde skjedd.

«Påkjørt katt. Hvem fjernet den og hvor ble den av.» står det på skiltet. I tillegg til namn og mobiltelefonnummeret til Monsen.

Framand katt

I staden for informasjon om kva som hadde skjedd, fekk han på fredag ein katt. Ein daud, mest truleg påkøyrd katt, som ikkje var hans eigen. Den låg plassert under skiltet som han hadde sett opp.

– Dei som har lagt den der har nok gjort det i god hensikt, for dei trudde kanskje at dette var min katt. Det er likevel feil å gjera det på denne måten, seier Monsen.

Heldigvis har han sin personlege chip-skannar, som gjorde at han fekk spora opp eigaren av denne andre katten og informert dei.

Han håper at fleire folk skal følgja oppfordringa frå Mattilsynet om å levera påkøyrde kattar inn til veterinær. Med ID-merking så kan eigaren då bli kontakta og få eit svar.

– Håpet blir mindre

Hos Vegvesenet Region Vest får dei kvar dag inn meldingar om dyr som er påkøyrd. Så langt i år er 98 av desse meldingane registeret som kattepåkøyrslar. Hos Sandnes smådyrklinikk, som tilbyr gratis skanning av chip, kjem det folk inn kvar veke med påkøyrde kattar, som dei vil sjekka om har chip.

Men det er sjeldan at det er bilistane, som har køyrd på katten, som kjem inn.

– Ofte er det vitne til påkøyrselen som kjem. Sjølv om det skulle vore fleire som kom inn, så er me svært glade for dei som kjem. Slik eg ser det så har dyreeigaren ein rett til å få vita kva som har skjedd med kjæledyret deira, seier Henriette Soma ved Sandnes smådyrklinikk.

Sjølv om det er lite, så har Jone Monsen framleis eit håp om å få eit svar på kva som har skjedd katten sin.

– Håpet er der framleis, men det blir mindre og mindre, seier Monsen.