Hopp til innhold

Fekk erstatning – men ikkje jobben

Då Fokus Bank fant ut at det var fetteren til Birgitte Tengs dei hadde tilsett trakk dei tilbake jobbtilbodet. Nå har Stavanger tingrett avgjort at banken må betala erstatning til fetteren, men han får ikkje jobben tilbake.

Fetteren i retten

Fetteren til Birgitte Tengs (t.h.) før rettssaka mot Fokus Bank byrja. Bilete er anonymisert av omsyn til dei involverte partane.

Foto: Ellingsen, Tommy / SCANPIX

Ifølgje Stavanger tingrett hadde ikkje Fokus Bank grunnlag til å bryta avtalen dei hadde med fetteren til Birgitte Tengs. Nå må dei betala over 900.000 kroner i erstatning.

I desember i fjor fekk siviløkonomen jobb i banken etter å ha studert og jobba i utlandet, men då banken fant ut kva bakgrunn han hadde gjekk dei tilbake på avtalen.

Skulle jobba med kundar frå Haugalandet

For det viste seg at mannen dei hadde tilsett var fetteren til Birgitte Tengs som blei funnen valdteken og drepen 17 år gamal på Karmøy i 1995.

I den første rettsrunden etter drapet var det fetteren som blei dømd i saka. Men i 1998 blei han frikjent av Gulating lagmannsrett for drapet på kusina si.

Jobben han hadde fått i Fokus Bank innebar omgang med kundar frå Haugalandet, og banken meinte derfor at fetteren haldt tilbake viktig informasjon før dei tilsette han. Retten er ikkje av same oppfatning. I dommen står det:

«Retten er følgelig kommet til at banken ikke hadde grunnlag for å heve ansettelsesavtalen. Det foreligger således et avtalebrudd fra bankens side.»

Banken må dermed betala 925.000 kroner i erstatning til fetteren som allereie hadde byrja å flytta frå Spania til Stavanger då beskjeden kom i mars om at han ikkje lenger var ønskja av Fokus Bank.

Får ikkje tilbake jobben

Han får likevel ikkje jobben tilbake, noko han saman med advokaten hadde reist krav om i søksmålet. I dommen står dette skrive:

«Banken har fremholdt at den ikke hadde den nødvendige tillit til saksøkaren, og retten bør være noe tilbakeholden med å overprøve bankens vurderinger med hensyn til hvilke egenskaper som skal til for å kunne fylle stillingen.»

Med bakgrunn i dette skriv retten at saka er dels vunnen og dels tapt for fetteren til Birgitte Tengs.

– 900.000 er ikke nok

Arvid Sjødin er advokat for fetteren, men har ikkje deltatt i akkurat denne saka. Han har lest dommen og prata med fettaren.

– Den umiddelbare reaksjonen er at dommen viser at ein ikkje klarer å håndtere denne typen sakar tilstrekkeleg. Han har fått minimumsbeløpet, og ikkje det reelle tapet. Han burde fått meir enn han er tilkjent fordi han utan skyld har havnet i denne situasjonen, sier han.

Kva tenkjer dykk om at han heller ikkje får jobben tilbake?

– Det viser den stigmatiseringa som heng igjen etter frifinninga og den sivilrettslege dommen i si tid. At den framleis er oppegåande skyldes ein kardinal dommerfeil som vart begått både i Gulating og Høgsterett som ein ikke har greid å retta opp, nemleg at ein rota bort dokumentane og har vel knapt lest dei før avgjerda vart tatt i 2004 og 2005. Då han kom tilbake til retten i 2010 fekk han beskjed om at saka var forelda, men det har dei sjølv forårsaka. Det er årsaka til situasjonen vi står oppe i no, sier han.

– Kjem ikkje til å få jobb i Stavanger

Kor mykje burde han fått?

Han har søkt over hundre jobbar, og då bør det ver sannsynleg også for Stavanger Tingrett at det er liten sjans for at han får jobb i dette distriktet i lang tid framover. Det betyr at ei årsinntekt ikkje held. Eg vil påstå at det er eit klart tap, sier Sjødin.

Sjødin seier det er for tidlig å seia om dommen vil bli anka.

– Godt fornøyd med dommen

Juridisk direktør i Fokus Bank, Thorbjørn Gjerde, er godt fornøyd med dommen.

– Retten har ingen kritikk mot bankens handlemåte, sier Gjerde.