Hopp til innhold

Fekk beskjed av Erna

Høgreordføraren i Randaberg kommune i Rogaland hadde ikkje tenkt å stille til attval til hausten. Men så fekk han vite kva Erna Solberg meinte om det.

Folketallet i Randaberg går ned

Ordførar Bjørn Kahrs er ein lydig mann.

Foto: Marianne Terjesen

Høgreordførar Bjørn Kahrs gav før jul beskjed til partiet om at han ikkje var innstilt på å fortsetje som ordførar etter valet til hausten.

– Eg var lenge i tvil og tenkte det var lurt å gå tilbake til den næringa eg kom frå, seier han. Men det var før han fekk vita kva Erna Solberg meinte om slike tankar.

Kunne ikkje seie nei

Erna Solberg

Erna Solberg på tur i Rogaland før stortingsvalet 2013.

Foto: NRK

– Det var i eit direkte møte med Erna at ho spurde om eg ikkje burde skifta meining og heller stilla som kandidat likevel, fortel Kahrs.

– Og når Erna spør, då seier du ja?
– Ja, det er klart det. Då stiller eg. Så får me sjå kva innbyggjarane meiner om det.