NRK Meny
Normal

Fekk 500 000 i postkassa

Styreleiaren for Varhaug Idrettslag på Jæren fekk 500 000 kroner i postkassen sin på torsdag ettermiddag. Pengane er ei anonym gåve.

Tusenlapper

Heile 500 tusenlappar blei lagt i postkassa til Varhaug Idrettslag

Foto: unknown

- Eg fekk ein beskjed tidlegare i veka om at noko var på gang. Men at det skulle dreie seg om ein halv million kroner, det hadde eg aldri tenkt. Dette seier styreleiar Morten Jelsa i Varhaug Idrettslag.

- Det var jo greitt å ha fått den beskjeden, slik at eg ikkje trudde at pengane var til meg sjølv, seie han med eit smil. Pengane var fordelt på fem konvoluttar, men det sto ingen ting skrive, verken utanpå eller inne i konvoluttane, seier Jelsa.

Anonym gjevar

Trass i at gåva er anonym, så veit han at det er ei eldre kvinne som står bak. Han kjenner ikkje identiteten hennar og har heller ikkje planar om å gjera noko for å finna det ut.

- Rett nok har me fått gåver til idrettslaget tidlegare frå privatpersonar, seier Jelsa. Men då har det vore små beløp i forhold til dette her.

Då han fann pengane i sin eigen postkasse, så gjekk han rett i banken med dei. - Eg ville ikkje ha eit så stort kontantbeløp liggjande heime, og heldigvis var det torsdag og langope i banken, fortel Jelsa

Rett i sluket

Til hausten byrjar truleg idrettslaget bygginga av ein ny idrettshall. Det skal bli ein stor fleirbrukshall og budsjettet er på 47 millionar kroner.

Ein større del av det beløpet skal idrettslaget finansiera gjennom dugnad, men laget må også ta opp eit stort lån for gjennomføra dette løftet.

- Pengane går nok inn i finansieringa av idrettshallen, og det betyr ein halv million mindre i lån, noko som kjem til å hjelpa godt på, seier Jelsa