NRK Meny
Normal

– Når barna er vaksne, kan me feira 17. mai der me vil

Stavanger turistforeining diska opp med gratis mat til dei som tok turen til Preikestolen for å feira 17. mai i år. – Eg saknar ikkje byen og toget, seier leiar Per Hanasand til NRK, som hadde direktesending frå turistattraksjonen i snø og sludd.

Det er null sikt frå verdas flottaste utkikkspunkt, Preikestolen, i dag. Likevel har om lag 100 personar vald å feira 17. mai her oppe.

Og leiar for Stavanger turistforeining, Per Hanasand, angrar ikkje, sjølv om vêret ikkje blei det beste.

– Det er jo spanande med eit slikt vêr også. Dessutan er det motiverande at folk tar seg opp her og har det så kjekt utan å bry seg om vêret, seier leiaren Hanasand til NRK.no.

Saknar ikkje byen

Stavanger turistforeining har som tradisjon å feira 17. mai høgt oppe i fjellet. Foreininga feirar i år 125 årsjubileum, noko som gjorde at det passa ekstra bra å få med seg NRK til Preikestolen.

– Saknar du ikkje bylivet med tog, brus og kake?

– Når me hadde små barn var det ein naturleg måte å feira 17. mai på. Nå har dei kome opp i vaksen alder, og me feira 17. mai der me vil. Det er det me nyttar oss av nå, seier leiaren.

Turistforeininga tilbyr både laks, spekemat, flatbrød og rømme til dei som tar seg turen opp. I tillegg kom Strand toradarlag og spelte tradisjonell musikk 600 meter over havet. (sjå video lenger nede).

I 10.30- tida var det om lag 25 personar som feira 17. mai på denne svært spesielle måten. Men det kom stadig fleire folk, både turistar frå utlandet og nordmenn. Klokka tolv er talet oppe i hundre personar blir det rapportert frå toppen.

Sjå NRK sine innslag frå preikestolen på 17. mai

Video 3e33c3a4-95f0-4212-8dfb-efa13631e0d5.jpg

VIDEO: Strand Toradarlag spelar på Preikestolen.

Video Andre rapport frå Preikestolen

VIDEO: Utover dagen kom det fleire personar opp på Preikestolen.

Video Rapport frå Preikestolen.

VIDEO: Her rapporterer Marte Skodje direkte frå Preikestolen 17. mai.

Måtte droppa bunad

NRK sin reporter Marte Skodje gjekk nok litt hardt ut då ho lova å stilla opp i bunad på Preikestolen 17. mai.

– Vêret er elendig her oppe, så eg måtte ty til dunjakka likevel, seier Skodje som rapporterer frå ein av Norges mest besøkte turistattraksjon på nasjonaldagen.

Temaet for NRK1 sine 17. mai sendingar i år er nemleg nasjonalromantikk. Det var dette NRK Rogaland tok på alvor då dei blei med Stavanger turistforeining til fest i Lysefjorden.

– Det er fantastisk her oppe, men det er snø. Kanskje me kan arrangera snøballkrig, sa Skodje like før dei kom opp på sjølve platået.

Men trass kulda, meiner ho det er verdt å hakka tenner for.

– Me gjer det me kan for å gje folk i Norge nasjonalromantiske innslag i 17. mai-sendinga.