Hopp til innhold

Fedme gir bukseseleboom

Meir overvekt blant norske menn gjer at salet av bukseselar har tatt seg kraftig opp, ifølge butikkinnehavar.

Kolbein Oddenes

– Både yngre og eldre skal ha selar kvar dag og me må passa på å ha utvalet inne, seier Kolbein Oddenes, innehavar av klesbutikken Windsor i Haugesund.

Foto: Thomas Halleland

Bukseselar var gjerne noko traust og gammaldags for ei tid tilbake. Men nå er det ikkje berre godt vaksne bestefedrar som tyr til bukseselar for å halda buksa på plass.

– Salet av bukseselar har tatt seg kraftig opp, seier Kolbein Oddenes, innehavar av klesbutikken Windsor i Haugesund.

Selar og sløyfe

Bukseselar

Både unge og eldre kjøper bukseselar om dagen.

Foto: Thomas Halleland

Han får støtte av fleire klesforretningar NRK har snakka med: Bukseselane har fått sin renessanse.

Oddenes i Windsor forklarer trenden slik:

– Vekta på veldig mange har auka dei seinare åra, og på grunn av dette er det dessverre svært mange karar som ikkje finn heilt kor dei skal hekta buksa si. I tillegg kjøper ungdommen selar og sløyfe saman for å vera tøffe før dei skal ut på byen.

MGP-mote

Simon Mathew fra Danmark

MGP-finalist Simon Matthew frå Danmark med bukseselar.

Foto: Dimitar Dilkoff/ AFP Photo

Fleire kjøper altså selar for å føla seg vel og få buksa på plass. Blant trendsetjarane er Melodi Grand Prix-finalisten til Danmark, Simon Matthew.

Han fekk inspirasjon til å kle seg opp i bukseselar då han såg eit videoklipp av Jahn Teigen og hans legendariske song «Mil etter mil».

Og 18 år gamle Rune Nygård frå Florø sydde like gjerne sin eigen bunad til 17. mai – og det var beltet og bukseselane som tok mest tid.

Unge og eldre

Då Kolbein Oddenes starta opp med klesforretning i Haraldsgata i Haugesund gjekk salet av bukseselar til eldre godt. Etter kvart blei selar heilt ut, i tillegg til at buksene blei smalare.

– Ting har endra seg, og det har ikkje berre med alder å gjera. Både yngre og eldre skal ha selar kvar dag og me må passa på å ha utvalet inne.

Men sjølv om han er god på å selja bukseselar, er ikkje selar førstevalet når buksa til butikkinnehavaren skal på plass.

– Heldigvis har eg klart å halda kulen på magen litt vekke, så eg klarer meg enn så lenge med belte, svarer klesseljaren i Haugesund.