Hopp til innhold

Fastlege knivstukken av pasient

Ein lege er blitt knivstukken av ein kvinneleg pasient på eit legesenter i Stavanger i dag.

Hendinga har skjedd på eit legesenter på Mariero.

Politiet melder at kvinna stakk frå staden, men at ho no er funnen i nærleiken av der hendinga skjedde.

Laster Twitter-innhold

Legen blir tatt hand om av ambulansepersonell.

Politiadvokat Anne Mette Dale fortel at gjeringspersonen er pågrepen. Etterforsking er oppretta for å finne ut kva som har skjedd.

– Skadeomfanget er foreløpig uavklart, og årsaka til hendinga er ukjent.

Til Aftenbladet seier innsatsleiar på staden Stein Torjussen at legen blei stukken i armen. Han er våken og det ser ikkje ut til at han er alvorleg skadd.

– Politiet har snakka med legen, men han blir ikkje avhøyrt ennå, seier politiets innsatsleiar på staden, Stein Torjussen til Aftenbladet.