Hopp til innhold

Fastlege fortvilar over meldingskaos: – Fryktar pasientar blir dårlegare behandla

SULDAL (NRK): Det renn inn så mange meldingar i den digitale innboksen til kommuneoverlegen i Suldal at han mistar kontrollen. Nå fryktar han viktig pasientbehandling skal glippa og at i verste fall liv går tapt.

Harald Bjarne Hellesen

FRUSTRERT: Kommuneoverlege i Suldal, Harald Bjarne Hellesen, kan få 20-50 digitale meldingar han må ta hand om i løpet av ein arbeidsdag.

Foto: Privat

– Det er ein betydeleg belastning å vita at det ligg mykje ugjort arbeid når eg går heim frå jobb, seier kommuneoverlege i Suldal i Rogaland, Harald Bjarne Hellesen.

Han slår nå alarm om elektroniske meldingar som hopar seg opp i jobbinnboksen. Meldingar som kan innehalda viktig informasjon om pasientar og som bør sjekkast ut før legen sluttar av for dagen.

– Med dagens system er det betydeleg risiko for at ein ikkje får greia ut pasientar og gitt diagnose innan forsvarleg tid fordi viktig informasjon blir liggande, seier kommuneoverlege i Suldal i Rogaland, Harald Bjarne Hellesen.

Opp mot 50 meldingar per dag

Ryfylkelegen får så mange elektroniske meldingar at han i snitt har 5-15 meldingar han ikkje får lese i løpet av ein arbeidsdag.

Totalt kan det vera snakk om 30-50 meldingar han må ta hand om i løpet av ein dag.

– I nokre tilfelle kan ein risikera at pasientar blir følgd opp og behandla dårlegare. Eg kan heller ikkje utelukka forkorta livslengd eller funksjonstap.

Han kallar det eit digitalt syndrom, også omtalt av fagtidsskriftet Helserådet.

– Klarer ikkje innfri alle forventningar

Kommuneoverlegen i Suldal er ikkje åleine om å oppleva meldingskaos i innboksen.

Rekorden til kommuneoverlegen i Hå på Jæren er 70 digitale meldingar i innboksen etter å ha vore ute av legekontoret ein dag.

– Det verste er dersom eg tenker eg skal gå heim for dagen i rimeleg tid. Når eg trykker oppdater, kan det renna inn 20 nye meldingar eg må skumma gjennom for å vurdera om dei kan venta, seier kommuneoverlege Gerd Signy Omland.

I meldingane kan det skjula seg alt frå viktig informasjon frå sjukehuset som krev ny medisinering eller behandling av pasienten, til meir uviktig informasjon.

– Nå har eg vore fastlege i 16 år og ser at det berre aukar på, så ein klarer ikkje innfri alle forventningane som ligg i dei digitale meldingane.

Gerd Signy Omland

Kommuneoverlege i Hå, Gerd Signy Omland, seier at alle dei digitale meldingane gjer at det kan glippa i pasientarbeidet for fastlegane.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Pasientane blir varetatt

Norsk foreining for allmennmedisin deler oppfatninga om at digitale meldingar hopar seg opp for fastlegane.

– Tidsbruksundersøkinga viser at fastelegar i snitt jobbar 56 timar i veka. Ein god del av årsaka til den auka arbeidsbelastninga er alle meldingane som kjem inn og som fastlegane må jobba seg gjennom, seier leiar Marte Kvittum Tangen.

Marte Kvittum Tangen, leder i Norsk forening for allmennmedisin

Leiar i Norsk foreining for allmennmedisin, Marte Kvittum Tangen.

Foto: Legeforeningen

– Kan pasientar vera trygge på at informasjon som hastar når fram i tide?

– Eg meiner pasientane skal vera ganske trygge på at dei blir varetatt ved at fastlegen prioriterer rett og at ein har varslingsrutinar dersom noko hastar.

Ho viser til at legekontora sine samarbeidspartnarar mange plassar er opplærte til å munnleg varsla dersom noko krev veldig rask respons frå fastlegen.

– Belastning for legane

Likevel er leiaren for foreininga for allmennmedisin klar på at det må tiltak til.

– Me treng fleire fastlegar og færre pasientar per fastlegeliste. Det er også mogleg med digitale løysingar som kan merka meldingar som krev rask handtering.

Også kommuneoverlegen i Suldal krev tiltak.

– Gode løysingar vil også bidra til at me i større grad føler oss à jour i arbeidskvardagen, seier Harald Bjarne Hellesen.