Hopp til innhold

Ho levde på Farris og vatn

Marianne Hinna Fjogstad gjekk utan mat i fem dagar, og anbefalar fleire å faste. – Du får ut all driten rett og slett, seier ho.

Marianne Hinna Fjogstad

Fylkesleiar for kostreform for betre helse, Marianne Hinna Fjogstad meiner faste kan vera eit godt tiltak for betre helse.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

– Du reinsar kroppen, fornyar celleproduksjonen, tømmer sukkerlager og reinsar tarmen. Du får ut all driten rett og slett, hevdar Hinna Fjogstad, som sjølv gjekk utan mat i nesten ei veke – og likte det.

Fylkesleiaren i foreininga Kostreform for betre helse meiner at praksisen er sunn, men understrekar likevel at det bør skje i kontrollerte formar.

– Dersom du ikkje et nokon ting, og kanskje har sjukdommar, så bør du nok følgast opp av lege, åtvarar ho.

Levde sjølv på Farris og vatn

– Eg testa det sjølv i fjor, over fem dagar. Dag to va ille. Då var eg svolten. Men så roa det seg ned, og eg var ikkje svolten lenger. Blodsukkeret og energien var også bra, fortel ho.

Mange trur dei ikkje vil klara å gå lange periodar på minimalt med mat, men dette sit meir i hovudet enn i kroppen, ifølge Hinna Fjogstad.

– Det gjekk heilt fint. Det var heller ikkje noko problem om andre laga mat rundt meg, hevdar ho, men trur likevel at det sosiale rundt mat og måltid kan vera vanskeleg for mange i ein fasteperiode.

Ingenting å anbefala

– På kort sikt er det ikkje skadeleg å fasta, men det er heller ikkje noko eg vil anbefala, seier leiar i Rogaland legeforeining, Ivar Halvorsen.

Ivar Halvorsen

Leiar i Rogaland legeforeining, Ivar Halvorsen, vil korkje åtvara mot- eller anbefala faste.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Ifølge legen kan det vera positivt for kolesterol og blodsukkerverdiar å faste i korte periodar, men ved lengre tid utan næring vil kroppen tære på seg sjølv, og vera uheldig.

– Om ein skal faste er det viktig å drikke nok, seier han, og påpeikar at det er lite kunnskap om påverknaden av systematisk faste på kroppen.

Han ser likevel ingen grunn til å åtvara friske folk mot korte fasteperiodar.

Trendy med «mini-faste»

Fjogstad sjølv gjekk utan mat i fem dagar, men særleg kortare faster har fått mykje merksemd det siste året.

– Mange i dag køyrer jo for eksempel 5:2 dietten som har blitt veldig populær. Då et du normalt i fem dagar, og faster to dagar. 16:8 er også ei form for fasting, der du faster i 16 timar i døgnet, og kan eta i åtte timar, summerer Hinna Fjogstad.

Ho understrekar at ho snakkar om faste for helsa si skuld, ikkje som ein slankekur.