Hopp til innhold

Nytt oljefunn kan forlenga levetida til Brage

Oljeselskapet Faroe har gjort eit oljefunn sør for Brage-feltet i Nordsjøen. – Svært gledeleg at funnet skjer i eit modent område, seier Oljedirektoratet sin pressekontakt, Eldbjørg Vaage Melberg.

Brage offshore platform

Brage-plattforma ligg like ved funnet som er gjort, og dersom denne blir knytt opp til Brasse-funnet så vil levetida til plattforma bli forlenga.

Foto: Wintershall

Dersom estimata stemmer så er oljefunnet som er gjort av det færøyske oljeselskapet Faroe det største på norsk sokkel hittil i år. Det er anslått at det skal innehalda mellom 43 og 80 millionar fat oljeekvivalentar.

Dette er ikkje mykje samanlikna med Johan Sverdrup-feltet, som er forventa å henta opp mellom 1,7 og 3 milliardar fat olje, men det er likevel eit viktig funn ifølgje Helge Hammer som er sjef for Faroes si verksemd i Noreg.

– Feltet ligg i eit veldig interessant område, og like ved Brage-feltet. Dersom funnet går til Brage vil levetida til denne plattforma kunne bli betydeleg forlenga, seier Hammer.

Faroe, som er børsnotert i London. eig allereie 14,3 prosent i Brage feltet som er operert av Wintershall Norge.

– Det er svært gledeleg når det kjem slike funn i modne område, der er allereie infrastrukturen på plass, slika at ein kan henta opp ressursane frå omkringliggande plattformer, seier Oljedirektoratet sin pressekontakt, Eldbjørg Vaage Melberg.