Hopp til innhold

To personar er røykskadde i løebrann

To personar blei frakta vekk frå brannområdet i Sola i ambulanse, etter mistanke om røykskader. Fire-fem kviger og kalvar omkom i løebrannen.

Fotballturnering blei avlyst av politiet på grunn av farleg røyk

Fotballturneringa til Havørn blei avlyst av politiet på grunn av den farlege røyken frå låvebrannen.

Foto: Alice Katharina Nielsen / NRK

I tillegg til dei ungdyra som omkom, blei omlag 15 andre redda ut frå den brennande driftsbygninga. Det skal dreie seg om kalvar og kviger, melder politiet.

Brannen i løa i Hagavågen i Tananger i Sola, blei meldt til politiet rett etter klokka 16, laurdag ettermiddag.

20 minutt seinare ber politi og brannvesenet folk om halde seg vekk frå brannområdet, fordi røyken frå brannen kan vera helsefarleg. Det er brukt asbest i bygninga og det er derfor røyken er farleg, opplyser brigadesjefen i Brannvesenet i Sør-Rogaland.

Politiet lagar sikkerhetssone rundt løebrannen i Tananger

Publikum blir stoppa av politiet fleire hundre meter unna løa.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Politiet stoppa fotballturnering

På idrettslaget Havørn sitt fotballanlegg i nærleiken, blei det arrangert ein større fotballturnering for barn og ungdom.

Fotballturneringa for barn og unge blei avlyst av politiet på grunn av farleg røyk

Fotballturneringa for barn og unge blei avlyst av politiet på grunn av farleg røyk

Foto: Alice Katharina Nielsen

– Me foreldre var veldig glade for at politiet kom og sette strek for turneringa, for me kjente godt at røyken svei i halsen.

Det seier Alice Katharina Nielsen, som er mor til ein av deltakarane.

– Det heile gjekk svært roleg for seg. I det eine øyeblikket pågjekk fleire parallelle fotballkampar og i det neste tusla spelarane av banen, fortel Nielsen.

Dyr i løa

Politiet slår fast at det var husdyr i driftsbygninga. Nokre av dei er redda ut, men operasjonsleiar Sølvi Didriksen Ravndal har ikkje oversikt over kva dyr det dreier seg om, eller om det er dyr som har mista livet i brannen.

Politiet har innført sikkerhetssone rundt løebrannen på Tananger

Politiet har innført sikkerhetssone rundt løebrannen på Tananger.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

.