Hopp til innhold

Eit lite batteri ga alvorlege skadar

To år gamle Olaus frå Karmøy hamna på sjukehus etter å ha svelgt eit lite batteri. No ber foreldra andre om å vera på vakt.

Ein to år gamal gut enda opp på sjukehus då han svelgde eit batteri.

Det har vore ein sommar med lite aktivitet for to år gamle Olaus, etter at det som skulle bli ein flott dag på stranda fekk eit heilt anna utfall.

– Eg skulle berre skifte bleie på han, og så byrja han plutseleg å kaste opp. Og så ser eg nøkkelknippe til bilen som ligg ved sidan av Olaus, utan batteri, fortel mor hans, Marta Birgitte Sevland.

Marta Birgitte Sevland

Marta Birgitte Sevland er mor til Olaus.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Batteriet hadde 2-åringen klart å ta utav bilnøkkelen og svelgt. Foreldra handla raskt og kom seg til sjukehuset.

– Det hadde sete seg fast nede i spiserøyret. Han vart lagt i narkose, og batteriet var ute på om lag to timar. Men dessverre så hadde det jo allereie laga ein etseskade på spiserøyret, seier Sevland.

Skjer oftare

– Om dei set seg fast, lagar dei stygge skadar.

Seksjonsoverlege ved sjukehuset i Haugesund, Berge Andreassen,
viser fram liknande batteri som det Olaus svelgde.

Han var ein av legane som var med og behandla Olaus. Det at barn svelger desse små batteria skjer oftare og oftare.

Berge Andreassen

Seksjonsoverlege ved øre, nase, hals i Haugesund, Berge Andreassen.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Desse batteria kan gi store skadar. Det kan etse seg gjennom spiserøyret slik at ein då får ein lekkasje av bakteriar og magesyre over i brysthulen, og det kan gi alvorlege infeksjonar.

Åtvarar andre foreldre

Etter ein tøff sommar med mange sjukehusopphald, er Olaus igjen ein aktiv gut, men det er vanskeleg å seia kva konsekvensar uhellet har fått.

Mora hans ber andre foreldre om å passe ekstra godt på alt som inneheld batteri.

– Det er jo sånn i ettertid at ein tenker at han sjølvsagt ikkje skulle ha fått leike med nøkkelen. Men ungar leiker ofte med slike ting, og elskar det. Det er batteri i mykje av det me omgir oss med til dagleg, men for oss snudde eit lite batteri kvardagen vår på hovudet, avsluttar Sevland.

Marta Birgitte Sevland

Olaus kan igjen vera aktiv saman med mor etter ein tøff sommar.

Foto: Thomas Halleland / NRK