Hopp til innhold

Jenter, tatoveringar og rulleskøyter

Sjå korleis Stavanger-jentene i Oil City Rollers får ut aggresjon gjennom den nye idretten; Roller Derby.

Stavangerlaget Oil City Rollers kjemper for å bli godkjent som lag i verdens raskest voksende sport; Roller Derby.
Stikkord er rå jenter, rulleskøyter og brutale taklinger.

►SJÅ VIDEO: Oil City Rollers kjempar for å bli godkjent som offisielt Roller Derby-lag.

Oil City Rollers

Silje O. Tveit og Silje Framnes Time i Oil City Rollers.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Mange av oss har jobbar der me opplever litt av kvart, då fungerer det fint å få ut litt aggresjon her på Roller Derby-banen, seier nestleiar i Oil City Rollers, Silje O. Tveit.

Ho har på seg hjelm, rulleskøyter, tannbeskyttar, kne- og olbogebeskyttarar. For idretten ho driv på med, saman med venegjengen sin, er ikkje nokon sundagsskule.

Aksepterte i skøyteforbundet

Laget ho er ein del av heiter Oil City Rollers, og består definitivt av jenter med attitude.

Idretten er berre for kvinner, og heiter Roller Derby. Det handlar om at to lag, med kvar sin «jammar» skal samla poeng ved å gå forbi dei andre. Spelarane skal «blokka» for «jammaren» av det andre laget. Albu og slag er ikkje lov, det er hoftene og kroppen som skal brukast.

Oil City Rollers

Stilfullt lagbilete av Oil City Rollers.

Foto: Henriette F. Time

– Det byrja som ein «show»-sport på 30-talet i USA. Så har det vore ein tullesport på lik linje med «Wrestling» fram til 2001. Først då byrja det å bli organisert med reglar, liga og kampar, forklarar kapteinen på laget Silje Framnes Time.

Dei siste to åra har også Norge fått si handfull lag. Med Oil City Rollers, som blei stifta sommaren 2012, er det nå totalt åtte lag i landet, to av dei er godkjende lag i Norges Skøyteforbund.

Shit happens

Det er Nidaros og Oslo som nå godkjende Roller Derby-lag. Desse spelar mellom anna kampar mot lag i Sverige og Danmark.

Dette er også målet til Oil City Rollers.

– For å spela kamp må me bestå ein test som handlar om dugleik, fallteknikk, korleis ein «hitar» og korleis ein tar imot ein« hit», seier Framnes Time.

Det er brutaliteten til sporten, som gjer dette viktig. Og alle jentene kan fortelja om skader dei har.

– Det blir ein del knall og fall. Me går med knesokkar for å skjula alle blåmarka på leggane, spøker Framnes Time.

Og treninga NRK fekk vera med på enda med at ei av jentene knakk ankelen sin. Noko som ifølgje kapteinen, er noko ein må rekna med.

– Shit happens ... slikt kan også skje på ein fotballbane.

Før sommaren skal laget ha ein opptaksprøve. Etter dette satsar klubben på at dei kan vera kampklare. Fram til det blir det berre med dei vekentlege treningane i gymsalen i Stavanger.