Hopp til innhold

Får ikkje sendt «krise-SMS» til alle

Fleire kommunar har utfordringar med å nå ut til alle med SMS-varsel om flaum og andre kriser.

Grus i vei på Jørpeland

Slik såg det ut etter styrtregnet på Jørpeland 26. september 2018.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– I verste fall kan folk gå glipp av kritiske varsel ved at dei ikkje har registrert mobilnummeret på adressa dei bur, seier informasjonsansvarleg Geir Bolme i Strand kommune.

Ryfylkekommunen varsla ikkje innbyggarane på SMS så tidleg som dei skulle ønska, då kommunesenteret Jørpeland blei råka av styrtregn og flaum ein tidleg morgon i slutten av september.

Geir Bolme

Informasjonsansvarleg i Strand kommune, Geir Bolme.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Då kommunen seinare skulle varsla om eit informasjonsmøte om flaumen, opplevde dei at det er utfordrande å nå ut til alle. Fordi mange ikkje har telefonen registrert på adressa dei bur, men på jobbadressa.

– Det er mange som jobbar i bedrifter i andre kommunar. Desse må registrera mobilnummeret sitt i vår kommune, slik at me har sjanse til å varsla dei, seier Bolme.

Video frå styrtregnet på Jørpeland onsdag 26. september. Foto: Vidar Bakke.

Kjent problemstilling

Strand kommune er ikkje åleine om å oppleva utfordringar med denne typen SMS-varsling, ifølge Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

77 prosent av kommunane seier dei ville brukt såkalla adressebasert SMS-varsling, ifølge årets kommuneundersøking frå DSB.

Cecilie Daae

Direktør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Cecilie Daae.

Foto: Yann Aker / DSB

– Me er kjent med problemstillingar knytt til adressebasert SMS-varsling. Me har også fått informasjon om liknande problem under turistsesongen, seier DSB-direktør Cecilie Daae.

Kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg har sidan 2016 hatt eit system dei kallar lokasjonsbasert SMS-varsling.

Det sender varsel til alle mobiltelefonar som er slått på innanfor eit definert område, både norske og utanlandske.

– Det nye systemet når alle som er i området me vil varsla, uavhengig av kor dei kjem frå eller høyrer til, seier beredskapssjef Torstein Nielsen i Stavanger kommune.

Skal levera rapport i 2019

DSB har fått i oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet å vurdera det mobilbaserte varslingssystemet her til lands. I februar neste år skal dei levera ein rapport med ei tilråding.

DSB-direktøren trur konklusjonen og tilrådinga blir eit varslingssystem som det på Nord-Jæren.

Torstein Nielsen

Beredskapssjef i Stavanger kommune, Torstein Nielsen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me er midt i ein utgreiingsfase, men me trur me vil tilrå ei lokalsjonsbasert varsling. Det vil få slutt på ein del utfordringar. Me ser også føre oss at eit nasjonalt varslingssystem kan brukast både nasjonalt, regionalt og lokalt.

– Kva med personvernet til folk med eit slikt varslingssystem?

– Det er sjølvsagt ei viktig problemstilling som må vera ein del av vår utgreiing.

Ifølge beredskapssjef Torstein Nielsen i Stavanger får kommunen berre informasjon om talet på mobiltelefonar som er slått på. Opplysningar om mobilnummer og mobileigarane sit teleselskapa på sjølv, ifølge Nielsen.

– Me er kjapt ute og er veldig godt fornøgde med systemet me har fått. Det dekkjer ikkje alle tenkte scenario, men er det beste som finst i dag.