Ann Karin Bleivik seier dette er siste sjanse til å få rett. Foto: Arne Gunnar Olsen/NRK
Bleivik, som for tre år sidan melde Medhaug til politiet for valdtekt, møter i dag Medhaug i ei sivil rettsak, etter at statsadvokaten la vekk saka i 2003.
Krev at to vitner ikkje får forklara seg
Medhaug sin forsvarar, Bjørn Vikse, krev at to av dei som skal vitna for Bleivik ikkje skal få forklara seg i den sivile rettsaka som starta i Karmsund Tingrett i dag.
Medhaug blei for to år siden fjerna som toppkandidat ved fylkestingsvalget til Kristeleg folkeparti si liste fordi Bleivik melde han for valdtekt. Seinare blei han heilt reinvaska etter at statsadvokaten la bort saka og konkluderte med at det ikkje hadde skjedd noko straffbart.
Melde seg ut
Medhaug meinte KrF ikkje gjorde noko for å rette opp uretten mot han, og det var årsaka til at han melde seg ut.