Sandnes har langt færre stillinger enn landssnittet og stram kommuneøkonomi gjer at fleire stillingar vert kutta.
Leiar for Ergo-og fysioterapitenesta i kommunen, Janne Haave Bjørnøy, seier situasjonen er alvorleg, og at det særleg går ut over barn og eldre.
Med få ressursar vert kreftene sett inn på akutte tilfelle, noko som får store konsekvensar for mellom anna funksjonshemma.
- Dei får ein nedsett livskvalitet, og vi kan risikera at funksjonsnivået deira går fortare nedover enn det burde ha gjort, seier Haave Bjørnøy. Ho fortel at det er vondt å sjå på at dei som treng hjelp ikkje kan få det, på grunn av at terapeutane ikkje har tid til det.
Sandnes kommune har 19 færre fysio- og ergoterapeutar enn landssnitttet og det skal kuttast meir. Dette reagerer Ingeborg Maria Fjermestad på. Ho sit i utval for helse- og sosialtenester.
- Det er tankevekkande kor dårleg tilbodet er for dei som er svakast i kommunen. Vi må få ein dialog i formannskapet som viser kor viktig det er at desse stillingane er på plass seier ho.
Og Gerd Karin Ovesen frå SV er einig. - Vi gjera det vi kan som politikarar, både lokalt og ved å pressa våre sentrale politikarar for å få meir pengar. Og ho ser eigedomsskatt som ei løysing for å få meir pengar til kommunen.