Hopp til innhold

Får ikkje dagpengar trass regelendring

Arbeidsledige Richard Strøm Stange (33) hadde eit stort håp om å få dagpengar då regjeringa lovde endringar i regelverket. Men det skjedde ikkje.

Richard Strøm Stange

HAR SELD BILEN: Richard Strøm Stange frå Tysvær bruker oppsparte pengar og har seld bilen sin for å få endane til å møtast medan han tek ingeniørstudiet ved Høgskolen Stord Haugesund.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

– Det kom som nok eit smell i magen då eg fekk svaret frå NAV. Dei avslo ønsket mitt om dagpengar på grunn av at det hadde gått meir enn seks månader sidan eg blei sagt opp, fortel Richard Strøm Stange frå Tysvær.

Han mista jobben som skipselektrikar i fjor sommar, men blei nekta dagpengar av NAV på grunn av at han studerer på deltid. Han var ikkje den einaste som hamna i denne situasjonen i samanheng med dei store oppseiingane i oljeindustrien, og regjeringa lovde regelendringar.

Nå har endringane kome, men det hjelpte altså lite for Richard, sjølv om han hadde store forventingar. Nå har han seld bilen sin for å få endane til å møtast.

– Ikkje ein lånekasse

– Eg vil ikkje utnytta nokon, eg vil berre sitja att med huset mitt og få meg ein jobb så snart som råd. Samstundes som eg tek utdanning.

Thor Kleppen Sættem er statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet. Han seier at dei nye reglane har blitt svært godt tekne imot, men at det alltid er nokon som fell utanfor.

– Det finst sikkert dei som skulle ønska at regelendringane blei gjort vidare enn det dei allereie har blitt gjort. Me må likevel vera veldig forsiktige slik at me ikkje undergrev ordninga si hensikt. Dagpengar skal vera ein stønad du tek imot medan du går arbeidsledig og aktivt søker ny jobb. Me kan ikkje utvikla ordninga til å bli ein lånekasse nummer to, seier han.