Hopp til innhold

Får førarkortet tilbake medan dei ventar på rettssak

Ein mann og ei kvinne som på seinsommaren fekk førarkortet beslaglagt fordi dei hadde køyrd elsparkesykkel med promille, kan køyre bil igjen, skriv Stavanger Aftenblad.

Dei to fekk bot og førarkortet inndratt etter lovendringa som tredde i kraft i sommar. Sakene skal opp i retten, men er ikkje behandla enno.

Advokat Brynjar Meling bede om at dei to får førarkortet tilbake medan dei ventar på rettssak. Denne veka har Høgsterett sitt ankeutval bestemt at politiet ikkje automatisk kan gjere førarkortbeslag medan ein ventar på at slike saker skal opp i retten. Derfor kan dei to nå køyre bil igjen.

Silhuetter av flere personer, en av dem med elsparkesykkel
Foto: Beate Oma Dahle / NTB