I år blir det utbetalt nær 77 000 kroner i erstatning etter at freda rovvilt som ulv og kongeørn har teke sau og lam på beite. Dette er noko mindre enn i fjor.
Det er andre år på rad at rogalandsbønder får erstatning fordi ulv har teke livet av beitedyr. Fylkesmannen har slått fast at tre lam heilt sikkert er tekne av ulv, medan nær 30 andre sauer og anten er tekne av ulv eller gaupe.
- I slutten av oktober fekk vi dokumentert at det har vore ulv i Sirdal-området. Også tidlegare i beitesesongen var det tap som vart registrert som tap på grunn av hundedyr. Dette er godskrive som tap på grunn av ulv, seier viltforvaltar Anders T. Braa.
10 bønder søkte om erstatning etter at dei har tapt sau og lam på beite i år. Til saman er det søkt om erstatning for nær 150 dyr, men det vert berre gjeve erstatning for 55 dyr.
Dermed vert det utbetalt nær 77 000 kroner i rovvilterstatning. Det er noko mindre enn i fjor.