Fetteren vart frikjend for drapsskuldingane i 1998 av Gulating Lagmannsrett.
Men sjølv om retten meinte at han ikkje kunne straffast for drapet på Birgitte Tengs, vart han likevel dømt til å betala 100.000 kroner i erstatning til Birgitte sine foreldre.
Det er fordi det er høgare krav til bevisa i ei straffesak enn i ei sivil erstatningssak.
Medhald
Erstatningskravet vakte sterke reaksjonar, og i fjor vart saka hans behandla i menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Der vart Noreg dømt, og fetteren vart tilkjent 150.000 kroner i erstatning.
Men framleis er han dømt til å betala 100.000 kroner i erstatning til Birgitte sine foreldre. Kravet var at han skulle betala denne erstatninga med pengane han sjølv vart tilkjent i Menneskerettsdomstolen.
Men no har Justisdepartementet teke initiativ til å fjerna dette regresskravet, og det er fetteren glad for.
Fetterens advokat, Arvid Sjødin, er også nøgd med utfallet og seier dette i framtida vil få betydning for andre saker.