Hopp til innhold

Får 32,5 millionar kroner for Dale

Rogaland fylkeskommune får i alle fall 32,5 millionar kroner for salet av Dale, men kan få ytterlegare 39,5 millionar. Uansett har eigedommen vore eit tapsprosjekt for fylket.

Dale-området i Sandnes

Dette har fylkeskommunen i alle fall fått 32,5 millionar for. Blir det bygd bustader på Dale-eigedommen, vil fylket få meir.

Dan Gunnar Søyland

Dan Gunnar Søyland, eigedomsmeklar hjå Krogsveen.

Foto: Ingvald Nordmark

– Det kan vera at det er ein grei sum, men det kan og vera at den er alt for dårleg. Det får me aldri vite, seier eigedomsmeklar Dan Gunnar Søyland hjå Krogsveen.

Kjøparane BR Industrier betalar 32,5 millionar kroner kontant for Dale-eigedommen i Sandnes. I tillegg får fylkeskommunen 39,5 millionar kroner når utbyggjar set opp dei første 159 bustadane på Dale.

Det samla beløpet er mindre enn dei 74 millionar kroner fylkeskommune har brukt på å førebu salet, så Dale har uansett vore eit tapsprosjekt for fylket.

Den rutinerte meklaren Søyland har vore svært kritisk te prosessen rundt Dale-salet, og meiner det burde blitt gjort ein grundig vurdering av eigedommen før ein opna for sal.

– Med bakgrunn at det ikkje ligg føre nokon uavhengige vurderingar frå ein meklar, er det særs vanskeleg å si noko om denne salssummen, seier han.

Bygging i det blå

Dei 159 første bustadane på Dale er alt regulerte inn på området, men det er usikkert når i framtida utbygginga byrjar. Grunnen er at igangsetjing av bygginga vil føre med seg krav om at utbyggjar må koste ny kloakk og vassleidning, i tillegg til å utbetre vegen til Dale.

Likevel reknar fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) med at dei 39.5 millionar kroner kjem på konto ein dag:

Fylkesordfører Solveig Ege Tengesdal

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) er nøgd med salet av Dale.

Foto: Erik Waage / NRK

– Me er i alle fall eit langt stykke på veg i forhold til det beløpet som er lagt inn i Dale så langt, og så er det sjølvsagt forventningar utover det igjen, seier ho.

Utover dei 72 millionar kronene som eigaren til saman ska betale Rogaland fylkeskommune viss dei 159 bustadane blir bygd, ska den nye eigaren betale 100.000 kroner for kvar leilegheit ytterlegare som blir bygd. Også det er planar som truleg ligg langt fram i tid.

Utbetalingane som ligg fram i tid blir konsumpris-justerte.

– I forhold til det som var utgangspunktet, så er ikkje berre eg, men fleire nøgde med at me har kommen der me er i dag, seier Tengesdal.

– Får aldri svaret

Eigedomsmeklar Dan Gunnar Søyland er ikkje samd med fylkesordføraren, men registrerer at prisen i alle fall er høgare enn det låg an til i fjor haust:

– Fylkeskommunens målestokk var at eigedommen hadde negativ verdi, men openbart hadde den ikkje det. Men dette viser igjen at me ikkje får svaret på om dei fekk den prisen dei burde fått, seier han.

Flere nyheter fra Rogaland