Hopp til innhold

Fant veske i havnebassenget

Dykkarar har funne ei brun handveske i havnebassenget i Egersund.  Veska kan tilhøyra den sakna Sissel Karin Gugarden.

Søk etter sakna kvinne i Egersund
Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Det var i føremiddag at dykkarane som saumfarer havnebassenget i Egersund, fann ei handveske som kan tilhøyra den sakna kvinna. 

Sissel Karin Gugarden hadde med seg ei brun handveske, då ho sist blei sett.  Ho har nå vore sakna i over ei veke. 

Politiet veit ikkje ennå om det er hennar veske. Kriminalteknikarar skal undersøke veska i løpet av dagen.

 

Strandsøk

I løpet av dagen kjem politiet til å foreta strandsøk, også utover indre havnebasseng.  Samstundes fortset dei med dør-til-dør-aksjonen og dei avhøyrer vitne.

Hendingar i forkant

Det er klart at Gugarden var saman med vener i ein leilighet i Egersund før ho forsvann for halvanna veke sidan.  Dei som var der bestemte seg for å gå på ein pub ut på kvelden.  Gugarden skilte då lag med dei andre, for å få med seg i venninne ut på byen.  Det er siste observasjonen av ho.   Sissel Karin Gugarden kjem opphaveleg frå Telemark.

20 politifolk 

Politiet satsar hardt på denne saka, med 20 tenestemenn.

- Me veit ikkje ennå om det har skjedd noko straffbart, men dersom det viser seg å vera tilfelle, så vil me gjera eit grundig forarbeid, seier politistasjonsjef i Egersund, Henry Tendenes.