Hopp til innhold

Fant fotoskatt på loftet

På eit fyrloft ved Egersund har kystforeininga funne bilete som ikkje har blitt oppdaga før nå. I går var det visning av den sjeldne fotoskatten frå under, og like etter den andre verdskrigen.

– Det heile byrja med at me skulle leita etter nokre bilete ute på Viberodden fyr. Der fann me eit dramatisk bilete frå då Eros sank, fortel nestleiar i Egersund kystforening, Johan Aakre.

Han har nå digitalisert dette og fleire andre fotoskattar som dei fann på fyrloftet.

Fotograf frå Nærbø

– Bileta var merka med HKH Nærbø. Dermed spurde eg venane mine i Jæren kystlag om kven dette kunne vera. Same kveld ringde dei meg opp att og fortalde at det var fotografen Hans Klingenberg Hansen, som hadde tatt bileta.

Det var altså fotografen Hans Klingenberg Hansen, som starta fotobutikk i Egersund rett etter andre verdskrig, som har etterlate seg bilete som ikkje har blitt funne før nå.

I går kveld fekk allmugen for første gong sjå bileta i sjøhuset Feylingsbue i Egersund. Og for dei eldste frammøtte vekka det mange minner til live.

Snart 92 år gamle Tønnes Årstad fortel med iver om at dei fekk berga i land ei tønne med tran frå Eros som blei bomba i 1941.

– Me bann tønna fast på ryggen og kravla over fjella. Det var nok ein ti til femten liter med tran i tønna, seier han.

Eros sank ikkje, men drev i land på Svåholmane sør for Egersund. Same vinter gikk den til botn i en stor storm ved Stolen.

(Artikkelen held fram under bilete.)

Fotoskatt på loftet

Frå visninga av dei sjeldne bileta i Egersund.

Foto: Øystein Ellingsen

Spetakkel med Rachel

Bileta er tatt av Hans Klingenberg Hansen, under og rett etter andre verdskrig.

Det er også bilete frå dagleglivet i Egersund sentrum, med eit persongalleri dei eldste drog kjensel på.

Gudrun Årstad får minna tilbake då eit bilete av byens meieri på den tida blei vist på storskjermen.

Ho stod ofte i meierikø som barn, og hugsar spesielt ei dame som heitte Rachel.

– Me lagde ei regle om ho. Først kom Rachel då blei det spetakkel, så kom Sverre då blei det verre, til slutt kom Ruth så blei det slutt, fortel ho.

Blir hengde opp på sjukeheim

Fleire av bileta viser også aktiviteten rundt sildefisket i Egersund hamn i etterkrigstid.

Ingfrid Andreassen minnest at det blei tatt bilde av henne og venninnene da de jobba i silda.

Bileta blir nå hengde opp på sjukeheimen i Egersund, der kystforeininga håper dei vil vera til glede og attkjenning for bebuarane.