Fann stor brusflaske i magesekken til torsken

Nok eit skrekkeksempel på kva menneske påføre dyr og naturen.

Torsk

Fiskar fortviler etter funn av stor plastikkflaske i magesekken til torsken.

Foto: Bjørn Ingvaldsen

På makrellgarnet fekk Bjørn Ingvaldsen ein torsk på 12 kilo. Han var først glad for fangsten, men stussa over forma på buken til fisken.

– Eg trudde kanskje det var rogn, seier Ingvaldsen til NRK.

Han skar opp fisken og fekk ei stor overrasking. I magesekken låg det ei stor brusflaske som torsken har ete.

Torsk

Denne flaska har den ete

Foto: Bjørn Ingvaldsen

– Det var eit skrekkeleg syn. Det gjorder rett og slett vondt inni meg.

I håp om at folk tar meir vare på naturen la han ut ein Facebook-post som har fått mange reaksjonar.

Facebook innlegg tar av

693 personar har til no delt innlegget.

– Det går meir inn på folk når det er så nært. Eg håpar folk skjerpar seg når dei ser konsekvensane det får.

Torsk

Flaska er synleg frå utsida.

Foto: Bjørn Ingvaldsen

Flaska vart fjerna og fisken reinsa før den vart middagsmat. Men Ingvaldsen fekk seg nok ei overrasking då han smakte på torsken.

– Den smakte forferdeleg og det var tydleg den ikkje hadde fått i seg rett næring.

– Dramatisk

Per Erik Schulze er marinbiolog og miljøforkjempar. Han har vist eit stort engasjement for strandrydding, og har arbeida med marin forsøpling i ei årrekke.

Per-Erik Schulze, marinbiolog i Naturvernforbundet

Marinbiolog Per Erik Schulze

Foto: Gunnar Morsund / NRK

– Plast er ei miljøgift, og me må finna og stoppe utsleppskjeldene, seier han.

Ifølge tal frå FNs miljøprogram hamnar 8 millionar tonn med plast i havet årleg. 80 % av dette stammer frå aktivitet og industri på land. I 2050 ventar forskarar å finna meir plast enn fisk i havet, viser ein rapport frå stiftelsen Verdens økonomiske forum.

Ein annan som kjenner til plast i havet er Rudolf Svendsen, som er dykkar i Norges Naturvernforbund. Han har dykka sidan 80-talet og fortel at sjøen er forandra.

– Det har eksplodert. Du kan dykke kor som helst og så finn du plastikk, seier Rudolf Svendsen.

Han fortviler.

– Plast er eit kjempeproblem, og det forsvinn aldri, seier han.

LES OGSÅ: Må nødslakta kyr på grunn av ølboksar