Politiførstebetjent Vidar Tøge ved Gjesdal lensmannskontor har spesialisert seg på tagging og tagge-miljøa. Han seier at det er råd å ta taggarane.
- Dei er absolutt ikkje umogleg å ta, seier Tøte.
Krev tid og pengar
Han seier det, som alt anna, krev ressursar og prioriteringar.
- Det blir alltid eit val i forhold til kva ein skal bruka mest pengar på, seier politiførstebetjenten.
I går fortalde NRK Rogaland at det har vore ein kraftig auke, nesten 50 prosent, i talet på taggesaker som blir melde til politiet i Stavanger.
Kan kjenna igjen taggarane på handskrifta
For at taggarar skal få straff, må dei vanligvis bli tatt på fersken. Tøge seier det går ann å å ta taggarar på andre måtar, men at det er vanskeleg.
- Ut i frå handskrift og måten ein lagar teikingane på går det an å finna ut kven som har laga kva. Det krev etterforsking og det blir til slutt snakk om veldig mykje pengar, fortel han.
Gjesdal oppklarte 68 av 69 registrerte taggesaker i fjor
Politiet i Gjesdal jobba i fjor målretta mot tagging. Eit godt samarbeid med publikum, kommune og barnevern gjorde at 68 av 69 registrerte taggesaker blei oppklarte.
- Me fekk tatt inn dei relativt unge utøverane, og fekk dei inn på rett kjøl igjen.
Gjesdal frisk, Stavanger slit
Tagging er nå eit lite problem i Gjesdal lensmannsdistrikt. Leiar av ungdomsavsnittet på stavanger politistasjon Håvard Høyland er bekymra over utviklinga i sitt distrikt, og seier dei nå må vurdera å prioritera annleis.
- Når ein ser på dei tala me har når det gjeld tagging nå, så er det slettes ikkje umogleg at me må prioritera nytt her, seier Høyland.