Hopp til innhold

Fann død person i barnekjeledress med redningsvest

Politiet har funne ein død person i barnekjeledressen som vart funnen ved Karmøy fredag. Personen er truleg eit barn.

Karmøy

Den døde personen blei funne i sjøkanten nordvest for Skudeneshavn mellom Syrevågen og Hålandsvågen. Dette er frå området kor leivningane blei henta opp frå sjøen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Ved undersøkingar av kjeledressen fann vi leivningar av det som truleg er eit barn inne i dressen, seier jourhavande jurist Erik Engløkk i Sør-Vest politidistrikt, til NTB.

Han seier at omstenda tyder på at personen kan ha lege lenge i sjøen, og at det så langt ikkje er noko som tyder på at det er snakk om ei straffbar handling.

Det var tidleg på ettermiddagen fredag 1. januar at det blei meldt om funn av ein barnekjeledress med ein redningsvest i vasskanten lengst sør på Karmøy i Rogaland, ikkje langt frå Skudeneshavn.

Politi-teori: – Tragisk ulukke

Politiet skriv i ei pressemelding at dei framover vil føreta ein del rutinemessige etterforskingsskritt med tanke på å forsøka å fastslå dødsårsak og identiteten til vedkommande.

– Det er eit arbeid som vil skje i samarbeid mellom rettsmedisinarar og den nasjonale id-gruppa, seier Engløkk til NRK.

Dette arbeidet er venta å kunne ta tid.

Politiet sin hovudteori er at det har skjedd ei tragisk ulukke og at barnet har drive i land.

– Omstenda tilseier også at dette gjerne er ei hending som kan ha skjedd utanfor landets grenser, seier Engløkk.

Funn tyder på person frå utlandet

Merket på kleda og redningsvesten kan tyda på at det er snakk om ein person frå utlandet, men politiet presiserer at det ikkje kan utelukkast at vedkommande er norsk.

– Funnet passar likevel ikkje til nokon som er meldt sakna i Noreg, seier Engløkk.

Engløkk seier det er vanskeleg å seie noko om kor lang tid den døde personen kan ha lege i sjøen.

– Det er nok meir snakk om månader enn veker eller dagar, men det blir spekulasjon, seier han til NTB.

Naudetatane vil laurdag gjere grovsøk i området der den døde personen blei funne.

Den døde personen blei funne i sjøkanten nordvest for Skudeneshavn på Karmøy, i nærleiken av Syre.