Hopp til innhold

Slik vil dei hindra at kunstgras blir dumpa i naturen

Ei familiebedrift skal laga støyskjerm-vegger av gamle kunstgrasbanar. Dermed kan dei få eit nytt liv i staden for å bli eit stort miljøproblem.

Rewall

Gründer Tor Reidar Aase (til venstre) og Lars Solberg i TeBe Sport har god tru på at gamle kunstgrasbanar kan bli effektive støyskjermar.

Foto: Magnus Stokka / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Me kan legga inn mønster og vindauge. I nærleiken av barnehagar kan veggane for eksempel vera dekorerte med bilar, seier Tor Reidar Aase.

I eit lokale på Ålgård i Rogaland, kanskje mest kjent for Kongeparken og landets største russetreff, står fleire grøne vegger stilt opp.

Materialet dei er laga av kunne blitt eit stort miljøproblem. Nå får dei heller eit liv nummer to.

– Me ønsker gjenbruk av kunstgrasbanar. Det er bra for både idrettslaga og kommunane, seier Aase.

Rewall

Modellar av støyskjerming laga av gamle kunstgrasbanar står stilt ut i ein hall på Ålgård i Rogaland.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Banar blir dumpa i naturen

Han er gründer og mannen bak den nystarta familiebedrifta Rewall. Forretningsideen er å bruka underlaget frå utrangerte kunstgrasbanar til støyskjermar utandørs.

Og kunstgras finst det nok av.

Tor Reidar Aase

Tor Reidar Aase er gründeren og mannen bak Rewall på Ålgård.

Foto: Magnus Stokka / NRK

I dag blir det sparka ball på om lag 1800 kunstgrasbanar i Noreg.

Levetida er om lag 10 år og kvart år blir om lag 80 av banane fjerna.

Gjennom fleire reportasjar avslørte TV 2 i 2019 at fleire av dei blir dumpa i naturen. Andre blir brent eller forsvinn ut av landet.

Det gjorde sterkt inntrykk på Ålgård-gründeren.

– Banar blir liggande på svære lager og utgjer eit stort problem.

Kunstgrasbanar er også den nest største kjelda til utslepp av mikroplast til naturen etter bildekk og vegar.

Rewall

Slik kan gamle kunstgrasbanar få nytt liv – som støyskjerming med vindauge.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Sintef skal måla effekten

Gründeren har fått 100.000 kroner i oppstartsmidlar frå Innovasjon Norge.

Fylkeskommunen har også bidratt med pengar slik at forskingsinstituttet Sintef i Trondheim kan måla effekten av støyskjermane.

Responsen frå potensielle kundar er også bra, ifølge Aase.

– Til nå har eg ikkje fått negative tilbakemeldingar. Nye idear kjem også stadig opp.

Lars Solberg

Dagleg leiar Lars Solberg i TeBe Sport.

Foto: Magnus Stokka / NRK

TeBe Sport i Trondheim driv med gjenbruk av utslitne kunstgrasbanar. Dei samarbeider med familiebedrifta på Ålgård og har god tru på konseptet.

– Utfordringa med det grøne skiftet er å finna nok exitar og at nok selskap og privatpersonar endrar vanane sine til å ta inn resirkulert materiale, seier dagleg leiar Lars Solberg.

Bedrifta har ein maskin der kunstgrasbanane blir vaska og reinska før dei blir støyskjerm-vegger.

– Etter at kunstgraset har vore i maskina blir det heilt tomt for sand, gummi, stein og tyggegummi. Då er det klart for gjenbruk, seier Solberg.

Rewall

Rewall håpar dei kan utvikla bedrifta og laga andre produkt etter kvart.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Positiv respons

Ideen om støyskjerming av gamle kunstgrasbanar er også presentert for fleire kommunar. Blant dei Trondheim.

– Eg synst det er veldig interessant å høyra om ny bruk av gammalt kunstgras. Eg er også veldig opptatt av å få redusert utsleppa frå kunstgrasbanar, seier kultur og idrettsdirektør i Trondheim kommune, Ola By Rise.

Ola By Rise, kommunalråd Trondheim

Kultur og idrettsdirektør i Trondheim kommune, Ola By Rise.

Foto: Morten Andersen/NRK

Den tidlegare fotballkeeperen og trenaren seier Trondheim kommune så langt ikkje har gjort bidande avtalar, men at dei er nyfikne på prosjektet.

Også Norges Fotballforbund (NFF) er positive.

– Me har lenge etterlyst at også norske firma kan resirkulera mest mogleg av all plast og mikroplast i kunstgrasbanane. Me håpar dei lukkast med dette, seier anleggskonsulent for Vestlandet og Agder i NFF, Jon Asgaut Flesjå.