Hopp til innhold

Fall om i retten

Like etter at tingrettsdommar Arne Vikse hadde lese opp dommen, fall Vassbakk om i retten.

NRKs krimkommentator Olav Rønneberg seier Vassbakk blei tydeleg raud i ansiktet då domsslutninga blei lesen opp, og måtte støtte seg i bordet då han skulle sette seg. Så seig han av stolen, og fall om bak forsvararane sine.

Retten måtte difor ta ein pause, og alle måtte forlate salen. Det blei tilkalla helsehjelp, men Vassbakk klarte etter kvart å gå ut av rettssalen sjølv med hjelp frå forsvararar og politivakter.