NRK Meny
Normal

Fallulukke på Sola flyplass

Ein 40 år gammal mann, som arbeidde på den nye avgangshallen på Stavanger lufthamn, Sola, fall ned tre meter. Det er uvisst kor skadd han er.

Brannvesenet på veg opp på taket til den skadde mannen

Brannvesenet på veg opp på taket til den skadde mannen.

Foto: Anders Fehn / NRK

Mannen blei frakta ned frå taket og ut til ein ventande ambulanse i ei båre, omlag klokka halv tolv. Han hadde då på seg ein nakkekrage, men var i bevisst tilstand.

NRK Rogaland kjenner foreløpig ikkje til kva som førte til fallet.

Arbeidstilsynet er kopla inn.