Hopp til innhold

– Sjukehuslegar klagar på metoden som redda sonen min

Anita Norheim meiner at sonen hennar Jakob (6) aldri kunne gått dersom han ikkje hadde fått behandling hos manuellterapeutar. Nå reagerer ho på at fagmiljøet ved Stavanger universitetssjukehus meiner at denne behandlinga kan vera for brutal.

Anita Norheim og sonen Jacob

Her blir Jacob behandla hos barnefysioterapeut Tone Skien (t.h.), mora Anita Norheim (t.v.) meiner behandlinga har vore avgjerande for at sonen hennar kan gå.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Jacob

Jacob (6) har ein kromosomfeil som gjer at han er sterkt rørslehemma og psykisk utviklingshemma.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Nyleg sende seks barnelegar og fysioterapeutar ved Stavanger universitetssjukehus inn ei uromelding til Fylkeslegen. Dei er urolege for at enkelte manuellterapeutar, kiropraktorar og barnefysioterapeutar behandlar barn og spedbarn som i utgangspunktet er friske, og at behandlinga er for smertefull.

Klagen er mellom anna retta mot er barnefysioterapeut Tone Skien og manuellterapeut Ole Marius Lund. Noko som får Anita Norheim frå Kvernaland til å reagera kraftig, ho meiner nemleg at det er desse to som skal ha all takk for at barnet hennar kan gå, og har slutta å skrika.

– Det er heilt forferdeleg. Utan desse hadde me hatt eit barn som ikkje kunne nokon ting, seier Norheim.

Kunne ikkje røra på seg

Barnet ho snakkar om er den seks år gamle sonen hennar Jacob. Han blei fødd med ein kromosomfeil som gjer at han er sterkt rørslehemma og psykisk utviklingshemma.

– Då han blei fødd kunne han ikkje røra seg sjølv, armane og føtene hang og det var som om ingenting virka på han. Han skreik 24 timar i døgnet og me kunne ikkje føra ein samtale i huset på grunn av skrikinga, fortel ho.

Først gjekk ho til helsestasjonen, men fekk ikkje anna oppfølging enn tilbod om å koma tilbake om seks veker for veging.

Foreldre gir uttrykk for at barna påføres smerte, redsel og uro gjennom aktuelle behandlingsformer...Det er også rapport om blåmerker på barn som følge av Voijta-terapi.

Seks barnelegar og fysioterapeutar ved SUS

– Då gjekk me til fastlegen, som sende oss vidare til sjukehuset for å sjå om det var noko gale med magen. Me fekk time på sjukehuset i slutten av desember, Jacob blei fødd i oktober, fortel Norheim om den frustrerte situasjonen.

På sjukehuset kunne dei konkludera med at Jacob hadde ein kromosomfeil, som han er aleine om i heile verda. Framtidsutsiktene såg ikkje lyse ut, for barnet som ikkje kunne bevega armar eller føter.

– Me fekk tilbod om ein trykkavlastane madrass, som skulle avgrensa liggesår. Kommunen sine fysioterapeutar sa at det kunne vera farleg å behandla han, og frårådde dette, fortel ho vidare.

Anita Norheim

Anita Norheim frå Kvernaland.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK
Kontakta manuellterapeut

Norheim gav likevel ikkje opp, og nekta å gå med på at sonen si framtid skulle vera på ein madrass.

– Eg kjende til praksisen til manuellterapeut Ole Marius Lund, og tok kontakt med han. Same dag tok han imot oss og behandla Jacob.

Ifølgje Norheim førte behandlinga til at Jacob slutta å skrika. Deretter gjekk vegen til barnefysioterapeut Tone Skien, som over lang tid har trent opp Jacob til å bruka føtene og armane sine.

I dag kan han både gå og ta hys når Skien kastar ein ball til han.

– Behandlinga han har fått har betydd alt for oss. Me hadde ikkje klart å ha han heime om han hadde han heldt fram med skrikinga. Nå ser me at han blir betre dag for dag, og humøret berre stig, fortel ei glad mor.

– Kva tenker du om hjelpa du har fått frå det offentlege helsevesenet i Norge?

Tone Skien

Tone Skien seier ho aldri har sett eit blåmerke i dei 20 åra ho har heldt på med Vojta-terapi på barn.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Dei har fortalt meg at det ikkje er noko gale med barnet mitt sjølv om han skrik 20 timar i døgnet. Det er klart at det er noko i vegen med eit barn som skrik så mykje. I tillegg har eg møtt motstand for å velja å gå til private terapeutar, som faktisk har hjelpt barnet mitt, seier Norheim.

Ho liker ikkje at brevet frå fagmiljøet ved Stavanger universitetssjukehus nå har ført til tilsynssak mot terapeutane.

Kan mista bevillinga

Dei sjukehustilsette ønsker ikkje å kommentera brevet fordi saka er under behandling hos Fylkelegen. Heller ikkje fylkeslegen ønskjer å kommentera saka på nåverande tidspunkt.

I brevet kjem det likevel fram at legane er urolege for at Lund og Skien behandlar barn og spedbarn som i utgangspunktet er friske. At terapeutane for ofte fastslår at spedbarn lid av ein feilfunksjon i nakkeleddet og derfor treng omfattande behandling, og at terapeutane ofte overser alvorlege diagnosar.

I verste fall kan tilsynssaka enda opp med at terapeutane mister bevillinga si.

– Eg har aldri sett eit blåmerke

Barnefysioterapeut, Tone Skien, gir Jakob dagens behandling. Ho avviser at dei behandlar friske barn.

– Slik dei skriv, kan det sjå ut som om dei meiner at behandlingsmetodane me bruker er skuld i barnas funksjonsproblem. Men faktisk er det me som viser barn vidare til sjukehuset, seier Skien til NRK.

Ho seier at dei går grundig til verks i kvart enkelt tilfelle.

– Me ser at det er ei funksjonsforstyrring hos barnet, deretter undersøker me barnet grundig og snakkar med mor og far om utviklinga barnet har hatt. Deretter sett me i gang med behandling som foreldra ser gjer raske resultat, seier ho.

Sjølv om Skien og Ole Marius Lund blir nemnt med namn, påpeiker brevskrivarane at kritikken gjeld heile fagmiljø som driv med manuellterapi, kiropraktikk og såkalla Vojta-terapi på barn.

Dei sjukehustilsette meiner at behandlinga i desse fagmiljøa er smertefulle og utmattande for barna. Dei skriv følgande i brevet:

«Foreldre gir uttrykk for at barna påførast smerte, redsel og uro gjennom aktuelle behandlingsformer ... Det er også rapport om blåmerke på barn som følge av Voijta-terapi.»

– Det er forferdeleg for meg å få denne skuldinga mot meg. Eg veit at eg ikkje har gjort noko gale, og eg har aldri sett eit blåmerke i løpet av dei 20 åra eg har heldt på med dette, seier ho.