NRK Meny
Normal

– Ingen vil gi sæd til barnlause par

Etter at sædgivarar mista retten til å vera anonyme har stadig færre meldt seg som donor. I år har ingen donorar meldt seg til Fertilitetssenteret i Haugesund.

Ingen vil gi sæd til barnløse ektepar. Etter at sædgivere mistet retten til å være anonyme har stadig færre meldt seg som donor.
I år har Fertilitetssenteret i Haugesund ikke fått en eneste henvendelse.

– På dette rommet får donoren gå inn aleine, så her ligg det litt gamal porno, seier embryolog Ann-Helen Anvedsen hos sædbanken ved Haugesund sjukehus.

Hos sædbanken er alt klart til å ta imot nye sæddonorar. Det har dei gjort i fleire år, men sidan lova om anonymitet kom i 2005, har det kome markant færre. I år har ingen meldt seg. Årsaka er at stadig fleire vegrar seg.

Ann-Helen Anvedsen

UROA: Ann-Helen Anvedsen er uroa over at dei ikkje får sæddonarar.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det har gått gradvis nedover etter at den nye lova kom. Heilt i starten var det mange som melde seg, men så har det dabba av, og dei siste åra har me hatt i gjennomsnitt fire som har meldt seg i året, seier Anvedsen.

Fekk sitt store ønske oppfylt

At ingen melder seg får konsekvensar for barnlause par som ønsker å få sin store draum oppfylt. Trass nedgangen i talet på donorar, har nokre vore heldig.

– Ja, me var veldig heldige, seier Christine Linn Dahl Nymo og Siri Hermine Dahl Nymo.

Då kjærasteparet ønska seg barn, fekk dei donorhjelp, og i dag har dei sonen Max Kristoffer.

Max Kristoffer har rett på å få vete kven faren er når han er 18 år. Men om han ynskjer det er for tidleg å seia, seier Siri Hermine Dahl Nymo.

– Det viktigaste for meg er at Max har moglegheita til å treffe donoren.

Dahl Nymo

HELDIGE: Christine Linn Dahl Nymo og Siri Hermine Dahl Nymo fekk hjelp av donor.

Foto: Thomas Halleland / NRK


Kan ikkje gje alle eit tilbod


I 2009 fekk lesbiske par lov til å bruke sæddonor, og sidan den gong har etterspurnaden berre gått oppover, men no fryktar sædbanken at dei ikkje kan gje den hjelpa dei skulle ønske.

– Dette er eit offentleg tilbod, og eg synst det er veldig trist om me ikkje kan tilby dei para som treng det den behandlinga dei burde ha moglegheit til å få i Noreg, seier Anvedsen.

Håpar på eit born til

Christine Linn Dahl Nymo og Siri Hermine Dahl Nymo håpar at dei ein dag kan få moglegheita til å gi Max Kristoffer ein veslebror eller ei litlesyster, men då må fleire menn ta imot denne oppfordringa.

– Køyr på! Ta i i alle fall kontakt med sædbanken og få meir informasjon om det, så kanskje det ikkje verkar så overveldande som mange kanskje ser for seg at det er, seier paret.