NRK Meny
Normal

– Han er i ferd med å bli ein mangelvare

Færre og færre vil utdanna seg innan bygg- og anlegg. Dermed kan norske anleggsarbeidarar bli ein mangelvare i framtida, det fryktar i alle fall leiar i Stavanger Byggmesterlaug Karl W. Sandvig.

Video Han er i ferd med å bli mangelvare

VIDEO: Kristoffer Myklebyst er lærling og snart klar for å gå ut i jobb som snikkar. Norske kvalifiserte handverkarar er i ferd med å bli ein mangelvare seier leiar i byggemeisterlaug.

Karl W. Sandvig

Leiar i Stavanger Byggmesterlaug, Karl W. Sandvig, meiner at det må bli tatt store tak for å rekruttera fleire ungdom til å driva med bygg og anlegg.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Dette er heilt klart ei utfordring. Det er allereie svært vanskeleg å få fatt i nok kvalifiserte handverkarar med det som blir bygd i dag, korleis me skal klara det framover med den auken som er venta i bygging, det veit ikkje eg, seier leiar i Stavanger Byggmesterlaug Karl W. Sandvig.

I tillegg til eit stort behov for utbygging er rekrutteringa til skulefaget bygg og anlegg nå langt lågare enn tidlegare.

– Me må ha råd til å etablera oss

Frå i fjor til i år søkte 20 prosent færre seg til faget som gjer dei utdanning til å bli murarar, tømrarar og betongarbeidarar.

Dermed kan tømrarlærling Kristoffer Myklebyst bli ein mangelvare i framtida. For han stod valet mellom journalistikk og tømrarfag.

– Eg valde å gå for noko meir nevenyttig. Her får eg bruka kroppen min og vera ute i frisk luft, seier han til NRK.no.

Neste sommar er han klar til å gå ut i arbeid, og han håper han har vald rett:

– Så lenge dei klarer å gje oss inntekter som er gode nok, og at dei ikkje berre pressar ned prisane med å berre tilsetta lågtlønt utlendingar. Me skal òg ha lån, me skal bygga hus og etablera oss, seier Myklebyst.

Også Sandvig ser på utanlandsk arbeidskraft som ei utfordring.

– Når me snakkar med ungdom og lærarar på vidaregåande skular, så seier dei at elevane ikkje vil ut i byggfag sidan det bare er utlendingar som jobbar der. Utlendingar som dei ikkje forstår og ikkje kan snakka med, seier Sandvig.

– Må gå på rådgjevarane

Tidlegare denne veka fortalde sandnesordførar Stanley Wirak at kommunen bør bygga 1000 nye bustadar kvart år i 10 år framover.

Men med nedgang i rekrutteringa av fagarbeidarar innan bygg og anlegg ser dette mørkt ut seier Sandvig,

– Bustadbygginga har ligge nede i fleire år og det er eit enormt etterslep. Og når bedrifter også i dag slit med å få fatt i arbeidskraft så seier det seg sjølv at me har ei kjempeutfordring.

Derfor meiner han at bedriftene må bli betre til å rekruttera ungdom, men han meiner det også kviler eit stort ansvar på skulen:

– Me må gå på yrkesrettleiarane som gjer ein alt for slett jobb i forhold til yrkesfag. Dei snakkar studiespesialisering, studiespesialisering og atter studiespesialisering. Det må me gjera noko med, seier han.