NRK Meny
Normal

Færre og færre bilar på motorvegen

Etter tiår med vekst går trafikken nedover på E39 motorvegen mellom Stavanger og Sandnes. Færre jobbar på Forus og fleire syklistar er to forklaringar, meiner Vegvesenet.

Kø på motorveien

FÆRRE BILAR: Det er færre bilar på E39 motorvegen mellom Stavanger og Sandnes, viser Vegvesenet sine målingar.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Arbeidsløysa aukar mest i landet i Rogaland, og færre har ein jobb å gå til. Det kan vera blant forklaringane til at trafikken går ned på motorvegen mellom Stavanger og Sandnes.

Trenden, som var der alt før sommarferien, held seg. Tala frå mai viste ein historisk nedgang i trafikken.

Nå har Statens vegvesen summert opp tala frå heile året (fram til august) og samanlikna med fjoråret.

Trafikkteljingane frå E39 Auglendhøyden og E39 Forus ved Aftenbladet viser at talet på bilar på motorvegen har gått ned med om lag ein prosent så langt i år, samanlikna med same periode i fjor.

Fire prosent ned i august

Ingve Undheim

Overingeniør Ingve Undheim i Statens vegvesen.

Foto: Magnus Stokka

Det står i sterk kontrast til den gjennomsnittlege årlege trafikkveksten på tre prosent sidan motorvegen opna på 70-talet.

– Ei av årsakene kan vera at det er færre som jobbar på Forus nå enn tidlegare. I tillegg er det fleire som syklar. Me har ein vekst i sykkeltrafikken på tre-fire prosent, seier overingeniør Ingve Undheim i Statens vegvesen.

Berre i august gjekk talet på bilar ned med over fire prosent i teljepunktet på Forus. Knappe 55.700 bilar passerte punktet i snitt per dag førre månad. Det er nesten 2500 færre enn i fjor.

Målet er nullvekst

Nedgangen i trafikken er i tråd med ambisjonane til Vegvesenet.

– Vårt mål er nullvekst i trafikken. Alle nye reiser skal bli tatt med sykkel, kollektivt eller gange. Slik sett er det positivt med nedgang i trafikken, seier Undheim, som legg til at han sjølvsagt ikkje ønsker at folk skal mista jobbane sine.

– Nesten ingen kø

Memo Sutco

Drosjesjåfør Memo Sutco har få kundar og rolege dagar.

Foto: Magnus Stokka

Færre drosjereiser bidrar til mindre trafikk på motorvegen. Når NRK møter drosjesjåfør Memo Sutco utanfor hotell Atlantic i Stavanger sentrum har det gått to timar sidan sist han hadde passasjerar i baksetet.

– Det er veldig stille og roleg, seier han.

Kollega Ali Assan har hatt ledig bil i halvannan time. Nå er det så få turar at han vurderer å bytta jobb. Han merkar at det er færre bilar på motorvegen.

– Før begynte køen før Auglendstunnelen, men nå er det nesten ingen kø, seier han.

Trur veksten kjem tilbake

Overingeniør Undheim i Vegvesenet håpar trafikken ikkje aukar igjen etter nedgangstidene i oljeindustrien. Men historia viser likevel noko anna.

– Det har vist seg tidlegare ved andre konjunkturnedgangar at trafikkveksten kjem tilbake når ting snur, seier han.