Hopp til innhold

Færre fritidsbåtar på sjøen i sommar: – Me har lågare fart og bruker lenger tid

Det er midt i høgsesongen, men gjestehamner over heile Noreg melder om færre besøkande med båt. Årsaka er den høge dieselprisen, trur fleire.

Per Sævik (t.v.) og Roy Sætre

Per Sævik (til venstre) og Roy Sætre stoppar i Ryfylke framfor å køyre heile vegen til Sørlandet. Fleire gjer som dei, skal vi tru gjestehamnene NRK har vore i kontakt med.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

– Det er mykje mindre folk. Det er halvert frå i fjor, føler me. Det må jo vera prisane, seier Hogne Bertelsen, driftsleiar ved Vassøy Bunkringsstasjon.

Men det er ikkje berre Bertelsen i Stavanger som har mindre å gjere enn han brukar å ha om sommaren. NRK har vore i kontakt med gjestehamner over heile landet.

Hogne Bertelsen, driftsleder Vassøy Bunkringsstasjon

Hogne Bertelsen, driftsleiar ved Vassøy Bunkringsstasjon.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

Hamnene er spreidde over heile landet, frå Troms og Finnmark til svenskegrensa. Dei fleste seier det same: Det er færre fritidsbåtar på sjøen i sommar samanlikna med i fjor.

Folk vurderer å kvitte seg med båten fordi dei ikkje har råd, ifølgje ei gjestehamn. Dei største motorbåtane er ikkje ute i sommar, melder ei anna. For det meste seglbåtar, ifølgje ein tredje.

Felles for gjestehamnene med lågare besøk er at dei trur på ei forklaring: høgare dieselpris.

Lågare fart og lenger tid

Båteigarane merker dei høge prisane, og det påverkar turvalet. For Roy Sætre og Per Sævik stoppar turen i Ryfylke.

– Det blir ein kortare tur enn planlagt. Å reisa til Sørlandet med desse prisane er tungt, fortel Sætre.

Les også Rekefisker Iselin (30) har snart ikke råd til å dra på havet

Iselin Merita Falch, rekefisker i Bodø

Likevel er det ikkje nok til å leggja båtferien på is.

– Me har båt, og det er det me ferierer i. Me må rett og slett betala prisen. Det blir lågare fart, me bruker lenger tid, men me koser oss i båten likevel, fortel Sævik.

Pumpe på Vassøy Bunkringsstasjon

Å fylle denne båt-tanken med 60 liter kosta nær 1200 kroner. Det gjer at båtfolket reiser kortare denne sommaren, viss dei då ikkje legg til kai for godt, trur fleire.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

Også Ryfylke Friluftsråd, som mellom anna tømmer avfallet i området, merkar det. Halvtomme søppelspann tyder på at det er mindre aktivitet på hamnestadene enn vanleg. Det er ikkje så mykje søppel å finna.

Hans Olav Sandvold, Daglig leder I Ryfylke Friluftsråd

Hans Olav Sandvoll, dagleg leiar i Ryfylke Friluftsråd.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

– Me ser ein tendens til færre båtar og at dei går saktare, fortel Hans Olav Sandvoll, dagleg leiar i Ryfylke Friluftsråd.

Dobbelt så dyrt som i fjor

Han trur også dei høge dieselprisane har skulda.

– Det er nærliggjande å tru at diesel- og bensinprisar speler ein rolle. At folk utnyttar dieselen dei har så godt som mogleg, meiner han.

Vassøy Bunkringsstasjon. Driftsleder Hogne Bertelsen på bildet.

Sjølv om været er godt, er det ikkje stor pågang hos Vassøy Bunkringsstasjon.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

Bertelsen ved Vassøy Bunkringsstasjon har lite trafikk om dagen.

Sidan sist sommar har prisane vorte dobbelt så høge, ifølgje Bertelsen. Det er ikkje bra for verksemda hans. Han tener nemleg meir når prisane er låge, for då har han fleire kundar.

– Fiskarane må jo òg liggja i ro. Det er billigare å vera heime, seier han.

Les også Venstre vil at alle nye fritidsbåtar skal vere elektriske innan 2030

Elbåtar til leige i Oslofjorden.