Hopp til innhold

Færre flyktningar i arbeid

Berre ein tredal av flyktningane i Stavanger er i arbeid eller utdanning to år etter dei kom, det skriv Aftenbladet. Det nasjonale målet er at 55 prosent av deltakarane skal starta direkte i arbeid eller utdanning etter at dei er ferdige med det to år lange introduksjonsprogrammet. Det klarte Stavanger i 2013, då var talet 57,3 medan i 2016 gjaldt det berre 33,4 prosent.