Hopp til innhold

Færre feite leigeinntekter under årets ONS

Folk har teke nattoget berre for å ha ein stad å sova under den internasjonale oljemessa. Nå er situasjonen ein heilt annan, når Stavanger arrangerer internasjonal oljemesse for 21. gong.

Stavanger frå sjøen

UTLEIGEPENGAR: For to år sidan fekk om lag 900 personar leiga ut bustaden sin til dei besøkjande under den internasjonale oljemessa ONS som blir arrangert anna kvart år i Stavanger.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Å leiga ut huset sitt under oljemessa ONS i Stavanger har vore lukrativ business for huseigarar som vil spe på ferieløna. Det har ikkje vore uvanleg å tena 21.000 kroner på utleige den vesle veka i slutten av august anna kvart år.

Etter førre ONS i 2014 har oljekrisa kome til byen, saman med fleire nybygde hotell, noko som gjer at færre nå får leiga ut bustaden sin.

Mange faktorar

For to år sidan blei 900 bustader leigde ut gjennom Stavanger Forum, i år er behovet på om lag 600.

Leif Johan Sevland

Tidlegare ordførar i Stavanger, Leif Johan Sevland, er direktør for oljemessa ONS.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me veit at det har kome noko som heiter Airbnb, som me ikkje hadde før, det har kome nye hotell til byen og me veit at færre får lov til å reisa i oljebransjen, seier ONS-direktør, Leif Johan Sevland.

Det betyr truleg færre historier om direktørar som bur på campingplass, i lystbåtar, eller søv på nattoget for å finna ei seng.

Trufaste utleigarar får halda fram

Sevland ser likevel inga grunn til at folk nå skal forta seg til Stavanger Forum for å fortelja at dei vil leiga ut.

– Me har ei veldig god oversikt og rutine i dette. Det er ofte dei same bustadene som blir brukt år etter år, og mange av desse blir også brukt i år, seier han.

For to år sidan var det meir enn 90.000 besøkande frå meir enn hundre land, etter oljeprisen har gått kraftig ned er det venta færre besøkande i år. Den norske utgåva av messa, som skulle arrangerast i fjor, blei avlyst.

Direktøren er likevel ikkje optimist.

– Det ser veldig bra ut. Utstillinga er stor som aldri før, og ser ut til å vera på høgt nivå med mange internasjonale selskap. Men når oljeprisen er ein tredel av det den var, så er det klart at det er litt annleis, folk bruker pengar på andre måtar enn før, seier Sevland.

Men nett av den grunn trur han messa blir spesielt viktig i år.

– Det er nå ein har behov for å finna saman, drøfta løysingar som ein må finna og finna ut kva tak ein må ta. Næringa har eit langt perspektiv og nett derfor er det viktig å møtast på ONS, seier han.