Hopp til innhold

Færre droppar ut frå førstegongstenesta

MADLALEIREN (NRK): Talet på ungdommar som avbryt første år i militæret, har sokke dramatisk. Suksessoppskrift? Forsvaret legg meir vekt på å motivere dei for oppgåvene.

Ledende menig Hanne Dahlby på Madlaleiren.

Hanne Dahlby hadde eigentleg lyst til å bli ballettdansar. No er ho stornøgd med ein karriere i militæret.

Foto: Sara Tangen Killingbergtrø / NRK

– Eg ville ikkje inn i Forsvaret i det heile, men vart så motivert at eg aldri vurderte å avbryte.

20 år gamle Hanne Dahlby frå Moss er i Sjøforsvaret i Madlaleiren i Stavanger. Etter enda førstegongsteneste, heldt ho like godt fram karrieren i militæret.

– Eg vart heilt frelst over korleis militæret fungerte heilt frå sesjonen av, seier ho.

Rekrutter ved Madla

Rekruttane på KNM Harald Haarfagre i Stavanger får opplæring i korleis dei skal behandle skadde soldatar i felt.

Foto: Sara Tangen Killingbergtrø / NRK

Det har vore ei utfordring at mange ungdommar droppar ut av militæret. For åtte år sidan hoppa 3500 soldatar av. Rundt ein tredel av dei som vart kalla inn. I fjor avbraut berre 500 soldatar førstegongstenesta.

Tungt arbeid

– Eg forstår at nokon kan synast at militæret er veldig tungt, i alle fall dei første vekene. Sjølv har eg alltid hatt lyst til å komme inn i Forsvaret.

19 år gamle Thomas Thalberg Johannesen har fått ein tomannslugar i kaserne D. I skapet heng ulike uniformer på rekke og rad. Ullsokkane ligg i system.

Rekrutt på Madla

Thomas Johannesen byrja på Madla rekruttskule i januar.

Foto: Sara Tangen Killingbergtrø / NRK

Under den åtte veker lange rekruttperioden skal 19-åringen få våpen- og soldatopplæring, og dessutan lære seg stridsteknikk. Deretter blir han, som alle andre, plassert i ei av dei ulike avdelingane i Sjøforsvaret. Der kjem han til å vere dei neste ti månadene.

– Eg trur det blir eit bra år, fordi ein får gode rutinar, haldningar og mange fine vennskapar, seier den nybakte rekrutten.

Merksemd på trivsel

Forsvaret har no gjort fleire grep for å halde talet på avhopparar lågt.

– Vi har ei meir individuell vurdering, gjennom fleire steg. Og vi har tilgang til meir informasjon om den enkelte, ifølgje Petter Lysholm, sjef for vernepliktsavdelinga i Forsvaret.

Motivasjon har vorte sentralt. Det er særleg i starten, både på sesjon og når soldatane er komne inn på rekruttskulen, at dei prøver å motivere ungdommane.

– Vi fokuserer på trivsel, motivasjon, kvalitet, og det å gå ei meiningsfylt teneste, seier Ronny Kristoffersen, sjef ved KNM Harald Haarfagre, der Noregs største rekruttskule ligg.

Hanne Dahlby, ledende menig.

Dahlby ikledd den blå arbeidsuniforma for Sjøforsvaret.

Foto: Sara Tangen Killingbergtrø / NRK

Prest, psykolog og legar er òg tilgjengelege for rekruttane som har behov for det.

Dei dyktigaste i verneplikta får tilbod om å halde fram militærkarrieren som tilsette. Eit tilbod Hanne Dahlby frå Moss takka ja til. Ho er no hjelpeinstruktør for tropp 3.

– Eg er opptatt av å ha eit ope forhold til rekruttane. Det er viktig å snakke om korleis dei har det, samtidig som vi leier dei, seier 20-åringen.

Sjå TV-serien Førstegangstjenesten her:

Det er innrykksdag i militæret og alle har sin første dag. Tanja Laila Gaup vil ha stor gylf i buksene, Lillehagen får alle våpen konfiskert, Halvorsen møter sin største frykt narkohunder og Lohrengren starter arbeidet med å gjøre kasernen sin til en satsebrakke.

Den første episoden av Førstegangstjenesten.